Ledig stilling elektro / automasjonslærar – ÅRDAL VGS (Søknadsfrist: 17.09)

 

Ledig stilling elektro/automasjonslærar

 

ARD – ÅRDAL VGS, Vestland fylkeskommune

Ein av våre tilsette på elektroavdelinga skal over i ny jobb. Vi har difor ledig 100% stilling frå 01.12.2021.

Søknadsfrist: 17.09.2021
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad:Øvre  Årdal
Stillingstittel: Ledig stilling elektro/automasjonslærar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4425933485

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil vera retta mot undervisning på programområdet elektro og datakommunikasjon. Det vil vere undervisning på vg1 elektro og datakommunikasjon, og på vg2 /vg3 automasjon. For oss er det viktig å halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med næringsliv om praksisplassar for elevane.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein person med relevant utdanning og erfaring innan elektro og automasjon. Med relevant utdanning meiner vi Teknisk fagskule, ingeniørhøgskule , yrkesfaglærarutdanning eller relevant praksis. Fast tilsetjing i vidaregåande skule krev pedagogisk kompetanse, men ved manglande ped.kompetanse vil det bli krav om påbegynnt PPU innan 3 år.

Personlege eigenskapar
Vi søker ein person:

som har gode samarbeidsevner
har eit positivt elevsyn
som er fagleg dyktig
som er god på kunnskapsdeling
som er utviklingsorientert

Vi tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar
Gode pensjons- og forsikringsordningar

Andre opplysningar

Vi gjer merksam på:

I følgje offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom dette vert gjort.
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest

 

Farnesvegen 32, 6884 Øvre Årdal, Norge

 

Kontaktinformasjon

Geir Kjetil Øvstetun, rektor  +47906 94 334
[email protected]

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Årdalstangen

Søknadsfrist

September 17, 2021