Ledig stilling som kyrkjetenar i Eid og Stårheim i inntil 80%
Stad Kyrkjelege Fellesråd – Sjøgata 90, 6770 Nordfjordeid
Vi har ledig stilling som kyrkjetenar/reinhaldar i inntil 80% i Eid- og Stårheim kyrkje kombinert med ansvar for reinhald ved servicebygga på Stokkenes- og Sambraut gravplass. Stillinga kan delast.
Utdanning:
Det er ønskeleg med fagbrev som reinhaldsoperatør, fagbrev innan sal, service og reiseliv, eller fagbrev innan bygg- og anleggsteknikk. Anna relevant utdanning og arbeidserfaring kan erstatte fagbrev.
Kvalifikasjonar:
o Du har interesse for gudstenestefellesskapet og kyrkjeleg aktivitet
o Du er ein god formidlar og snakkar godt norsk og gjerne andre språk
o Du kan samhandle godt med andre tilsette og menneske i alle aldrar
o Du arbeidar sjølvstendig og strukturert og likar praktiske gjeremål
Arbeidsoppgåver:
Kyrkjetenar skal sørgje for at kyrkja blir klargjord og rydda i samband med gudstenester og andre kyrkjelege handlingar samt nødvendig reinhald. Kyrkjetenaren ringjer med kyrkjeklokkene etter vedteke reglement, held kyrkja open og gjennomfører eventuell omvisning etter nærare instruks.
Løn:
Løn etter KA sin tariff.
Anna:
Det er krav om medlemsskap i Den norske kyrkja, men ein kan søkje dispensasjon.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver Stad Kyrkjelege Fellesråd
Adresse Sjøgata 90, 6770 Nordfjordeid
Hjemmeside https://www.stadkyrkje.no
Om stillingen
Stillingstittel: Kyrkjetenar
Antall stillinger: 1
Oppstart 24. august 2023
Ansettelsesform Fast
Prosent 80 %
Heltid/deltid Deltid
Arbeidsdager Ukedager, Lørdag, Søndag
Arbeidstid Dagtid, Kveld
Søknadsfrist 1. august 2023
Send søknad til: synnove.wiik@stad.kommune.no
Kontaktperson for stillingen
Synnøve Wiik, Kyrkjeverje/Dagleg leiar
970 34 535
synnove.wiik@stad.kommune.no
Stad kyrkjelege fellesråd er eit felles organ for sokna i Stad, jf. Lov om tros- og livssynssamfunn kap. 3. §10-§17. Fellesrådet skal ivareta administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna, utarbeide mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen, fremje samarbeid mellom sokneråda og ivareta sokna sine interesser i forhold til kommunen.
Stad kyrkjelege fellesråd har 7 sokn, 8 kyrkjer og 11 kyrkjegardar/gravplassar – frå vakre Heggjabygda ved Hornindalsvatnet i aust i til Ervik heilt ute mot storhavet ved Vestkapp. Kontora til Stad kyrkjelege fellesråd ligg i Eid Kyrkjetun på Nordfjordeid og i kommunehuset i Selje. Nordfjordeid er prostesete i Nordfjord og prosten sitt kontor er samlokalisert med fellesrådet. Det er totalt 4 prestar som har teneste i kyrkjene i fellesrådsområdet og fellesrådet har sjølv i alt 26 tilsette i heil- og deltidsstillingar.