Ledig vikariat som Helsefagarbeidar, 100% – 2. gongs lysing
Vil du vera med og forma ei god avdeling til det beste for pasientane våre? Er du fagleg engasjert og opptatt av å levera kvalitet i det du gjer?
Då er dette jobben for deg!
Ledig vikariat som autorisert helsefagarbeidar i opptil 100% stilling. Om du ynskjer å jobbe mindre enn 100% er det høve til det.
- Søknadsfrist: 12. mars 2023
- Oppstart: 11.04.2023
- Tilsetjingstilhøve: Vikariat til 31.12.2023
Oppgåver
- Helsefagleg yrkesutøving i form av stell, utredning, pleie og omsorg, samt vegleiing i hjelp til sjølvhjelp overfor brukar/pasient.
- Administrering av medikamenter i henhold til delegasjon.
- Vegleiings – og opplæringsansvar overfor medarbeidarar/elevar.
- Turnus med arbeid kvar 3.helg.
Ynskja kvalifikasjonar
- Du er autorisert helsefagarbeider
- Du har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg minimum tilsvarande nivå B2.
- Du har sertifikat på bil
- Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og har evne til å ta avgjerdsler basert på fagleg kompetanse.
- Du er fleksibel og serviceinnstilt med god evne til samarbeid og kommunikasjon.
- Du jobbar effektivt, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4
Me kan tilby
- Løn etter gjeldande tariff
- Arbeidsplass i nye moderne lokalarEin jobb i verdast vakraste bygd
- Dyktige kollegaer
- Høve til fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Ein trygg og god arbeidsstad
- Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg- og personleg utvikling.
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med:
Torstein Kvåle Hellesnes
Ass. Kommunalsjef helse og omsorg.
4000 7136 | torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no