Molde by

 

Rådgjevar personal

 

 

Møre bispedøme ser etter ein ny medarbeidar som vil vere med å utvikle arbeidet med vår viktigaste ressurs – våre tilsette. Stillinga er plassert i personalavdelinga, og avdelingsleiar personal er næraste leiar. Personalavdelinga bistår biskop og stiftsdirektør i leiing og organisering av prestetenesta, og bispedømekontoret skal ta i vare dei personalmessige og administrative oppgåvene knytt til dette.

Vi ser og etter ein rådgjevar som vil jobbe med å videreutvikle samarbeidet og relasjonane med sokna ved kyrkjeverjen, og saman med prosten bidra til samskaping og gode løysingar lokalt. God relasjons- og nettverkskompetanse er viktig, og også kjennskap til Den norske kyrkje og til kyrkjeleg verksemd.

 

  • Søknadsfrist: 08.12.2023
  • Arbeidsgivar: Den norske kirke
  • Stad: Molde
  • Stillingstittel: Rådgjevar personal
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4727655733

 

Arbeidsoppgåver

  • Rekruttering og tilsetting
  • Sakshandsaming og rådgjeving for arbeidsgivar
  • Sekretærfunksjoner for biskop og stiftsdirektør
  • Administrative oppgåver knytt til lønn, permisjonar, sjukemeldingar og arbeidstidsavtalen
  • Oppfølging av beredskapsplanverk
  • Sakshandsaming, vegleiing og oppfølging av avviks- og varslingssaker
  • Gjennomføring av Veien til Vigsling i samråd med biskopen
  • Administrativt ansvar for arbeidsvegleiing
  • Kompetanseutvikling
  • Koordinering av HMS arbeidet
  • Leiarstøtte

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring frå personalarbeid
  • God kjennskap til Den norske kyrkja og kyrkjeleg verksemd
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på begge målføre
  • Erfaring innan sakshandsaming
  • Medlem av Den norske kyrkja
  • Om du er godt eigna vil bli tillagt vekt

 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og relasjonsevner
  • Fleksibel og med evne til omstilling
  • Evne til å samarbeide sjølvstendig og strukturert

 

Vi tilbyr

  • Lønn i stilling 1464 Rådgiver
  • Innskudd i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode kontorlokale sentralt i Molde.

Ettersom fleire tilsette har lang arbeidsreise blir det lagt til rette for at ein kan ha lokal kontorstad, men med faste møtedagar ved kontoret i Molde
Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.m. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta
Dersom ein søkjar ikkje ønskjer namnet sitt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt, og dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
For nærare informasjon om denne stillinga, kontakt avdelingsleiar personal Anne-Marit Hagelund

 

Moldetrappa 1, 6415 Molde, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Anne-Marit Hagelund
Avdelingsleiar personal
 Telefon:+47 92235009

 

Møre bispedømme omfattar Møre og Romsdal fylke og består av 95 sokn og 25 kyrkjelege fellesråd fordelt på 6 prosti. Møre bispedømmekontor er felles administrasjon for Møre biskop og Møre bispedømmeråd. Bispedømmerådet har økonomi-, plan-, budsjettansvar, fordeler ressursar, tilset i prestestillingar og er godkjennings- og klageorgan. Møre biskop er tilsynsorgan for kyrkjeleg verksemd og tilsette, leier prestetenesta og er godkjenningsorgan for kyrkjer og lokalkyrkjeleg planverk.

Det er gjort vedtak om ny kyrkjeleg organisering. Dette vil innverke på ansvar, oppgåver og organisering av verksemda.

Bispedømmekontoret er i tidsmessige lokale og ligg sentralt i Molde. Kontoret er delt inn i Avdeling for Kyrkjefag og Avdeling Personal. Etter omorganisering er ein del merkantile funksjonar isom lønn og økonomi, IT og telefoni lagt til nasjonale einingar som gjer oppgåver på vegner av bispedøma og Kyrkjerådet. All sakshandsaming og store delar av møtevehandlinga er fullelektronisk. Ttilsvarande gjeld for løn, økonomi og andre merkantile funksjonar.

Del stillingen

Selskap

Møre bispedøme

Kategorier

Kontaktinfo

  • Anne-Marit Hagelund
  • Tittel: Avdelingsleiar personal
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 92235009

Lokasjon

  • Molde

Søknadsfrist

Januar 31, 2024