Leiar for byggesaksavdelinga (Søknadsfrist 24.10)

 

Leiar for byggesaksavdelinga

 

Plan, byggesak og geodata, Ålesund kommune

Overordna mål for verksemd for Plan, byggesak og geodata er å ivareta myndighetsoppgåver knytt til byggeverksemd, slik at byggeaktivitet kan skje, samt at det skjer i tråd med lovar og regler, lokale politiske prioriteringar og til vårt felles beste. Byggesaksavdelinga handsamar bygge- og delingssøknader og klagesaker etter plan- og bygningsloven, følgjer opp ulovlige tiltak og driv tilsyn med ansvarlege foretak. Avdelinga er også sentral i arbeidet med å ivareta verneverdige bygg og bidra til levande og attraktive nærmiljø og sentrumsområder.

Leiar for byggesaksavdelinga har valt å bli pensjonist frå komande årsskifte, og vi søkjer difor etter ny avdelingsleiar.

Vi søkjer ein person som ynskjer å bidra til å nå våre mål og som er interessert i:

Ei sjølvstendig leiarrolle
Rikt høve til å påverke korleis avdelinga skal arbeide for å løyse oppgåvene
Fagansvar for ei avdeling med 16 tilsette som handsamar om lag 1500 bygge- og delingssaker i året som i 2020 gav ei inntekt frå byggjesaksgebyr på omlag 15 million kroner
Følger opp personal- og økonomiansvar i det daglige på vegne av verksemdsleiar
Å leie eit team med høg kompetanse og utdanning i hovudsak som juristar, byggingeniørerar og arkitektar
Ålesund kommune har igangsatt eit arbeid med å sjå på endringar i leiarstruktur og stabar på rådmannsnivå. Dette kan føre til at medarbeidarar som blir overtallige i andre delar av organisasjonen kan få fortrinnsrett til denne stillinga, og vi oppfordrar interne søkjarar, som er interessert, om å søkje.

Søknadsfrist: 24.10.2021
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Stad: Ålesund
Stillingstittel: Leiar for byggesaksavdelinga
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4435308627

Arbeidsoppgåver

Koordinering og leiing av byggesaksbehandling,
Vidareutvikling av arbeidsmetoder og organisasjon
Fagansvar, personalansvar og økonomiansvar for avdelinga
Då saksmengda etterkvart er så stor at ein leiar ikkje kan vere involvert i alle saker, må vi utvikle rutiner og samspel der eit nytt mellomnivå av seniorrådgjevarar etterkvart får meir sjølvstendig ansvar til å avgjere saker. Dette er arbeidet er starta, og ny leiar vil vere sentral i det vidare arbeidet.
Avdelinga har i periodar hatt utfordringar med å ta unna mengda av saker. Det er difor lagt opp til ei styrking av avdelinga med to nye stillingar i budsjettet for 2022. Det er likevel venta at leiar vil delta i eit kontinuerlig arbeid med å forenkle prosedyrar med sikte på ei enda meir effektiv sakshandsaming.

Kvalifikasjonar

God kjennskap til plan- og bygningsloven
Relevant leiarerfaring
Høgare utdanning

Personlege eigenskapar

Pågangsmot
Gode samarbeidsevne
Evne til å formidle kompliserte samanhengar og skape tillit
Vi tilbyr
Lønn etter avtale
Gode pensjonsordningar
Eit godt arbeidsmiljø blant kollegaer som er vant til å stå på

Keiser Wilhelms g. 11, Keiser Wilhelms gate 11, 6002 Ålesund, Norge

 

Kontaktinformasjon

Lars Roger Lundanes, Avdelingsleiar
958 73 904
lars.roger.lundanes@alesund.kommune.no

Edvard Anders DevoldVerksemdsleiar
, +47 913 404 77
edvard.anders.devold@alesund.kommune.no

 

 

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

 

 

Del stillingen

Selskap

Ålesund kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Edvard Anders Devold
  • Tittel: Verksemdsleiar
  • E-Post: edvard.anders.devold@alesund.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 913 40 477

Lokasjon

  • Ålesund

Søknadsfrist

September 19, 2021