Vindafjord kommune

 

Lærar 1.-7.klasse

 

 

Me søker:

Vågen skule søkjer lærar for 1.-7.klasse i 100% fast stilling. Stillinga er ledig frå 5.9.24, eller frå skulestart om det passar.

 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Undervise i fag på barnetrinnet.
  • Oppfølging av grupper og enkeltelevar.

 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse.
  • Andre med anna relevant utdanning kan også søkja, då vert stillinga mellombels.
  • Fagønsker: matematikk, engelsk og norsk.

 

Me ser etter ein person som:

  • Kan jobba sjølvstendig og samarbeida i laget rundt barnet.
  • Er god på relasjonar med barn og vaksne.
  • Er omsorgsfull, trygg og forutsigbar.
  • Er løysningsorientert og systemastisk.
  • Bidrar positivt til det profesjonsfaglege fellesskapet på skulen.

 

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

 

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

 

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

 

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

 

Avdeling: Vågen skule, Vågen oppvektsenter
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 04.08.2024
Tiltreding: 05.09.2024
Arbeidsstad: Vågen skule

 

Vindafjord kommune

Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med ca. 8.850 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/a2b46e8d-9ad2-4260-9d05-f2090447add9 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Ølen
  • Ølensvåg

Søknadsfrist

Juli 31, 2024