Miljøarbeidar

 

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialising. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena basert på tillit og respekt for kvarandre.

Vi søkjer etter miljøarbeidar i 83% fast stilling.

 

Søknadsfrist: 09.09.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Straume
Stillingstittel: Miljøarbeidar
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 83
Webcruiter-ID: 4850929454
Startdato: 01.11.2024

 

Arbeidsoppgåver

  • Støtte elevar med særlege behov.
  • Praktisk og teoretisk oppfølging av elevane.
  • Tett oppfølging av elevar i samarbeid med føresette, lærer og andre støttefunksjonar.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, lærar og skuleleiinga.
  • Legge til rette for overgang frå skule til arbeid.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt, og for at dei skal meistre livet som sjølvstendige vaksne.

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Annen relevant utdanning og erfaring kan vera aktuell
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med tilrettelagd opplæring, men ikkje eit krav
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du har stort engasjement.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.

 

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
  • Trimgrupper for tilsette

 

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Branndalsmyra 61, 5353 Straume, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Line Therese Gaska
avdelingsleiar
 Telefon:91363756

Erik Henneli
 Telefon:95826077

Olav Lee
rektor
 Telefon:93034370

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Erik Henneli
  • Tittel: Assisterande rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 958 26 077
  • Olav Lee
  • Tittel: rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 930 34 370
  • Line Therese Gaska
  • Tittel: avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 91363756

Lokasjon

  • Straume

Søknadsfrist

Oktober 20, 2024