Vindafjord kommune

Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?

Miljørettleiar/fagarbeidar

 

Er du barne og ungdomsarbeidar/vernepleiar eller har anna relevant utdanning eller erfaring? Me treng ein person i 60 %, fast ved Ølen skule, stillinga er ledig frå snarast.

Hovudarbeidsoppgåver:

Ha medansvar for elev på 1.- 4. trinn
Kan ha ansvar for å gjennomføre spesialpedagogisk opplegg for elev
Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for elev
Kan bli aktuelt å arbeide ved skulen sin SFO (skulefritidsordning)
Anna arbeid kan bli relevant

Kvalifikasjonar:

Fagbrev eller anna utdanning som er retta inn barn og unge
Anna relevant utdanning vil bli vurdert
Det er ønskeleg med kompetanse og eller erfaring i Traumebevisst omsorg
Spesialpedagogisk kompetanse eller erfaring

Personlege eigenskapar:

Du må vera god på samarbeid
Vera ein autoritativ vaksen med haldning om at barn gjere så godt dei kan når dei kan
Løysningsorientert
Omsorgsfull, trygg og forutsigbar

Me kan tilby:

Variert arbeid i eit positivt miljø
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
God opplæring og samarbeid med andre
Rabatt på treningssenter
Bedriftskunstlag
Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

  • Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest.
  • Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar.
  • Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
  • Ølen skule er 1- 10 skule med 280 elevar
  • Velkomstklasse for heile Vindafjordskulen er på Ølen skule
  • Ligg sentralt til i Ølen
  • Me har eit aktivt og engasjert personale.
  • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Søk på stillingen her.

Referansenummer: 23/3179

Fylke: Rogaland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Deltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 24.10.2023

 

Tiltreding: 01.11.2023

Arbeidsstad: Ølen skule

 

Kontaktpersonar:

Gro Anett Espevoll

tlf: +47 53655782  mob: +47 95150434

Heimeside:
/www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/olen-skule/
Adresse: Litlehagen 15 5580 Ølen

Vindafjord kommune

Ølen skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 280 elevar. Skulen ligg i Ølen sentrum og kan tilby deg jobb i eit engasjert, inkluderande og positivt arbeidsmiljø. Ølen skule arbeidar for god trivsel og for å utvikla eit godt, trygt og systematisk læringsmiljø. Skulen legg vekt på tilpassa opplæring og tidleg innsats. Arbeid med fagfornyinga har fokus i tida framover. Skulen har elevar frå fleire nasjonar, og har fokus på at dei skal vera ein naturleg del av elevflokken. Vindafjord sin velkomstklasse for nye elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn er lagt til Ølen skule.

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Bente Tednes Gjil
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 414 93 230

Lokasjon

  • Vikedal

Søknadsfrist

Oktober 15, 2023