Askvoll kommune Bu- og miljøtenesta
Miljøterapeut – miljøarbeidar
Miljøterapeut – miljøarbeidar i medleverturnus
Har du bachelorutdanning eller fagbrev innan helse eller sosialfag og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Bu- og miljøtenesta yt teneste til brukarar med ulike utfordringar og diagnosar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap. Dei tilsette vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren for å sikre en heilskapleg tilnærming og oppfølging, herunder helse, heimetenesta og spesialisthelsetenesta.
Helse og omsorgsetaten ved Bu- og mijøtenesta er i gang med å utarbeide medleverturnus for arbeid med ei ung kvinne og har ledig fleire faste stillingar med inntil 100% stilling som miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga gjeld arbeid med ei ung kvinne
Direkte tenesteyting i samsvar med vedtak, dagsplanar og rutinar
Kartlegge behov, iverksette og evaluere tiltak
Utføre oppgåver i samsvar med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
Medverke til utvikling av godt arbeidsmiljø
Medisinansvar etter kompetanse
Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Arbeid i medleverturnus med to og tre døgn samanhengande, og kvar 4. helg, etter 35,5 t/veke
Kvalifikasjonar:
Vernepleiar, sjukepleiar eller annan relevant bachelorutdanning
Fagbrev i helse eller omsorgsarbeid, eller annan relevant fagbrev
Vi søkjer etter trygge personar med god relasjonsevne
Førarkort klasse B
Politiattset må framleggast ved tilsetting
Personlege eigenskapar:
Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
Like utfordringar og er løysingsorientert
Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
Er personleg eigna
Vi tilbyr:
Lokalt tillegg på kr 20 000.- over garantiløn etter tariff for vernepleiarar og sjukepleiarar, og 10 000 for fagarbeidarar
Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for vernepleiarar og sjukepleiarar
Pensjonsordning i KLP
Flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Skift/turnus
Søknadsfrist: 30.04.2023
Tiltreding: Snarast
Arbeidsstad: Bu- og miljøtenesta
Kontaktpersonar:
Stine Margrethe S. Herland
tlf: +47 57734514
mob: +47 47836132