Miljøterapeut / vernepleiar /sjukepleiar Naustdal bu-og miljøteneste (søknadsfrist 18.09)
Naustdal bu- og miljøteneste søker
Miljøterapeut
Naustdal Bu- og miljøteneste yt døgnkontinuerlige tenester til personar med psykisk utviklingshemming, og som elles treng langvarige og koordinerte tenester.
Vi yt tverrfaglige tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ADL, ernæring, ativiteter og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Vi søker etter:
2 vernepleiar/sjukepleiarar i 100 % vikariat frå snarast, 01.09.2021 – 01.09.2022. Vi oppmodar andre med helsefageleg høgskuleutdanning om å søke. I det eine vikariatet kan og helsefagarbeidar bli vurdert for stillinga.
1 fast vernepleiar/sjukepleiar i 100 % stilling. Vi oppmodar andre med helsefageleg høgskuleutdanning om å søke.
Krav til stillinga
Vi søker deg som:
autorisasjon som sjukepleiar eller utdanning som vernepleiar
har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
har evne til å samarbeide i team like godt som sjølvstendig
er fleksibel, løysningsorientert og påliteleg
har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
har førarkort klasse B
Arbeidsoppgåver:
sikre eit fagleg og målretta miljøterapeutisk arbeid til brukargruppa
legemiddelhandtering
sikre at gjeldande lovverk, vedtak og bestemmelsar blir følgde
sikre at nødvendige dokument og planar blir utarbeidd
ansvar for koordinering og oppfølging av ansvarsgrupper
samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
vere ein pådrivar til fagleg utvikling og rettleiing
sikre journalføring- vi nyttar fagprogrammet cosdoc
Vi legg vekt på at du:
er ein god lagspelar og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
trivast å jobbe både sjølvstendig og i team
handterer utfordrande åtferd og uforutsette situasjonar
er fleksibel, stabil og endringsvilleg
er god på relasjonsbygging og skape tillit
er fagleg oppdatert og engasjert
Politiattest må leverast før start i stilling. Du må søke elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Fylke: Vestland
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Skift/turnus
Arbeidsstad: Naustdal
Søknadsfrist: 18.09.2021
Tiltreding: Snarast
Kontaktpersonar:
Einingsleiar Anita Sunnarvik
mob: +47 950 25 920
Heimeside:
www:sunnfjord.kommune.no
Sunnfjord kommune Naustdal bu-og miljøteneste
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.