Kantor/organist
Vår kantor sidan 1987, skal gå av med pensjon og me har derfor ledig ein fast stilling som kantor/organist i Ål kyrkjelege fellesråd. Ål kyrkjelege fellesråd har 10 tilsette inkl. to kyrkjemusikarar. Me held til i Ål, men har og soknekyrkjer i Leveld og på Torpo. Kontorlokala ligg rett ved kyrkja som òg er prostesete for Hallingdal.
I tillegg til musikarar består staben av kyrkjeverje og sekretærar, diakon, kyrkjelydspedagog, kyrkjetenarar. Prost, sokneprest og prostiprest har også kontorfellesskap her.
Kyrkja i Ål har utvikla ein godkjent folkemusikkliturgi og har sidan 2007 motteke tilskott til prosjektet «Av kjelder klåre». Me har eit godt og langt samarbeid med Folkemusikkveka med mellom anna onsert og folkemusikkgudsteneste (www.folkemusikkveka.no).
Ål Kantori er kyrkja sitt eige kor og har 20 medlemmer. Kantoriet er sentral i folkemusikkgudstenesta og syng firstemt i liturgien. Kantoriet har hatt fleire prosjekt som og er framført i andre kyrkjer rundt omkring i landet.
Ål kommune har eit rikt kulturliv med kulturhus og regional dansescene. Ål var årets kulturkommune i 2021 og har i fleire år vore blant landets beste kulturkommunar. Kommunen har eit stort kulturhus med kinotilbod og konsertar (www.aal.kulturhus.no).
Ål kyrkje har ei veldig godt orgel som er bygd av Kaliff & Løthmann i 1996: orgelet har 29 stemmer og er bygd etter franske barokkidealar. Det er òg orgel i Leveld og Torpo kyrkjer.
Flytte til Ål?
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Flytt til Ål – aal.kommune.no
- Søknadsfrist: 07.07.2023
- Arbeidsgivar: Ål kyrkjelege fellesråd
- Stad: Ål
- Stillingstittel: Kantor/organist
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4679954199
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle musikk og kulturarbeid for kyrkjelyden og saman med lokalt musikk og kulturliv
- Planlegge, gjennomføre og vidareutvikle gudstenester og kyrkjelege handlingar saman med prestar og staben
- I samarbeid med diakon, kyrkjelydspedagog og prestar vere musikalsk medverkande i trusopplæringsarbeid for barn og unge, konfirmantarbeid og diakoniarbeid.
- Dirigent for sokna sine kor og vidareutvikle kyrkjelydane sitt kor, song- og musikkliv
- Medverke ved ulike arrangement i sokna sin regi og på tvers av kommunane i Hallingdal
- Vere rådgivar for soknerådet i kyrkjemusikalske spørsmål
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Fortrinnsvis utdanning i samsvar med Tjenesteordning for kantorer, eventuelt kirkemusikere med annen relevant utdannelse/realkompetanse/kirkemusikalsk utdanning
- Erfaring med arbeid med fleire musikalske uttrykksformer
- Evne til å motivere og inkludere barn, ungdom og frivillige i det kyrkjemusikalske arbeidet
- Interesse for gudstenesteliv og kyrkjelydsbygging
- Ryddig, strukturert og god arbeidskapasitet
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Kjennskap til salmeskatten og nyare lovsongtradisjon
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
Personleg eigenskapar, gode samarbeidsevner og fleksibilitet vert tillagt stor vekt.
Særskilte krav
- For tilsetting som kantor skjer tilsettinga med atterhald om vigsling og at biskopen gir tenestebrev, jf.
- Tenesteordning §5.
- Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja.
- Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.
- Tilfredsstillande politiattest må framleggas ved tilsetting jf. Trossamfunnsloven § 20.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsfellesskap med dei tilsette og frivillige.
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Pensjonsordning i KLP.
- Ulykkes- og gruppelivsforsikring.
- Lønn- og arbeidsvilkår vert regulert av tariffområdet knytt til Kirkens arbeidsgivarorganisasjon (www.ka.no).
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju og prøvespel.
Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte kyrkjeverje Trond Augunset tlf 900 66 256
Søknadsfrist 07.07.2023
Sundrevegen 64, 3570 Ål, Norge
Kontaktinformasjon
Trond Augunset
Telefon:900 66 256