PPT har 10 fagstillingar ulik kompetanse og erfaring. Tenesta er utviklingsorientert, engasjert og involvert i Kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis saman med barnehagane og skulane i våre 3 samarbeidskommunar. Me jobbar i enkeltsaker, systemfokusert arbeid, nettverk m.m.
Me treng fagperson med:
- Master eller anna høgare utdanning i relevant fagområde (spesialpedagogikk, praktisk og varierte læreprosessar m.m.)
- Kjennskap til og/eller interesse for utviklingsarbeid i barnehage og skule
- Interesse for barn og elevar med behov for særskild tilrettelegging og varige, samansette og komplekse vanskar
- Test/utgreiingskompetanse i samband med sakkunnearbeid (§ 31/5-1)
Me ynskjer deg som er:
- Engasjert og personleg eigna
- Systematisk og sjølvstendig
- Jobbar godt saman med andre
- Interesse for og engasjement i høve til utviklingsarbeid i grunnskulen
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Påliteleg
Me tilbyr:
- Eit positivt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Spørsmål om stillingane kan rettast til einingsleiar Birthe Blokhus 92064415, eller fagleg leiar Jannecke Fjeldtvedt, tlf. 53496946/95029178
Søknadsfrist: 14.11.21