PP-rådgivar
100 % fast stilling frå 1.12.2023
Ein av våre tilsette går av med pensjon og vi treng derfor å styrke laga med ein ny medarbeidar. Vi ønsker ein medarbeidar med spesiell interesse for, og kompetanse innanfor områda, språkutvikling og lese- og skrivevanskar.
Om arbeidsgivaren
PPT og OT nedre Hallingdal IKS er ein interkommunal PP-teneste for kommunane Hemsedal, Gol, Nesbyen, Hol og Flå. Vi er òg Viken fylkeskommunes PP-teneste og Oppfølgingstjeneste for Hallingdalregionen. Vi har lokale i Gol sentrum. Det er 14,6 fagstillingar inkl. leiarressurs og kontorstøtte i selskapet.
Vår verdiplattform er at tenesta skal vere tilgjengelege, helhetstenkende, profesjonelle og fagleg kompetente.
Arbeidsoppgåver
- Som PP-rådgivar vil du ha regelmessig møter med barnehage- og skoleadministrasjon.
- Rettsleie barnehagar og skolar i utviklingsarbeid og i individsaker.
- Gjennomføre sakkunnige utgreiingar der balansen mellom krava til barna/elevens utvikling, pedagogisk tilrettelegging og juridiske rettigheiter blir varetekne.
- Gjennomføre og tolke relevante testar i samsvar med faglege bestemmingar for testane.
- Gjennomføre observasjonar i samsvar med gjeldande faglege anbefalingar.
Krav til kompetanse
- Høgare utdanning på masternivå med relevante fag i fagkretsen pedagogikk, spesialpedagogikk og psykologi
- Erfaring med utviklingsarbeid og pedagogisk arbeid
- Erfaring frå arbeid i PP-tenesta, barnehage/skole eller andre relevante institusjonar
- Personleg eigenskap vil bli vurdert spesielt og utgjere ein viktig faktor ved tilsetting
Ønskt kompetanse
Kartlegging- og utgreiingskompetanse innanfor området språk og språkutvikling
Om oss
Tenesta kan tilby eit godt arbeidsmiljø og moglegheit for sterk innflytelse på eit område som er i fokus og i utvikling.
Som tilsett må du nytte eigen bil i tenesta, med godtgjering. Tilsetting skjer på kommunale vilkår, med konkurransedyktig lønn og tenestepensjon i KLP.
Aktuelle søkarar vil bli innkalla til intervju.
Søknadsfrist: 01. september 2023
Send søknad til: [email protected]
Kontaktperson for stillingen
- Gry E. Bjerknes
- Daglig leder
- 97164226
- [email protected]
Om arbeidsgiveren
- Arbeidsgiver: Pedagogisk-psykologisk Tjeneste og Oppfølgingstj nedre Hallingdal IKS
- Adresse: Sentrumsvegen 93, 3550 Gol
- Hjemmeside: https://www.pptogot.no
PPT og OT nedre Hallingdal IKS – Postboks 93 (Sentrumsvegen 93), 3550 Gol
PPT og OT nedre Hallingdal IKS er en interkommunal PP-tjeneste for kommunene Hemsedal, Gol, Nesbyen og Flå. Vi er også Viken fylkeskommunes PP-tjeneste og Oppfølgingstjeneste for Hallingdalregionen. Vi har lokaler i Gol sentrum. Det er per i dag 10,3 fagstillinger inkl. lederressurs og kontorstøtte i selskapet.
Vår verdiplattform er at tjenestene skal være tilgjengelige, helhetstenkende, profesjonelle og faglig kompetente.