Milliardutbygging på og ved Høgskulen i Volda (oppdatert 13.2.2018) – Johann Roppens rektorblogg

 

 

Professor i sosialfag – profesjonsforsking 

 

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie, er det ledig fast stilling som professor i sosialfag, med innretting mot profesjonsforsking.

Dersom det ikkje melder seg kvalifisert søkjar, vert det opna for å tilsetje i kvalifiseringsstilling. Søkjaren må då vere på god veg til å kvalifisere seg til professor, og vere innstilt på å fullføre ei kvalifisering til professor.

Høgskulen i Volda

Om instituttet

Stillinga er knytt til institutt for sosialfag, Avdeling for samfunnsfag og historie. Institutt for sosialfag har i alt omlag 500 studentar. Instituttet har ansvar for to bachelorprogram i sosialt arbeid: barnevernspedagog og sosionom, med meir enn 300 studentar fordelte på tre studieår.

Instituttet tilbyr mastergradutdanning i helse- og sosialfag, med vel 100 studentar. Eitt av dei obligatoriske emna i mastergraden, ‘Meistring og myndiggjering, samhandlingsperspektivet, og tre av dei valfrie emna i mastergraden – ‘Rus som kulturelt og sosialt fenomen’, ‘Leiing i helse- og sosialtenestene’ og ‘Politikk, folkehelse og livsløp’- vert tilbydde også som vidareutdanningar:

Instituttet har elles vidareutdanningstilbod på bachelornivå – ‘Miljøterapi i demensomsorga’, ‘Helserett’ og ‘Helsefag for sosialarbeidarar’.

Alle emna i masterprogrammet og vidareutdanningstilboda er samlingsbaserte.

I samarbeid med Høgskolen i Molde driv Høgskulen i Volda ph.d.-programmet Helse- og sosialfag ‘Profesjonsutøving – vilkår og utvikling’. Ved HVO er ph.d.-programmet lagt til Institutt for sosialfag. Elles er høgskulen involvert i ‘Master i helseleiing’, som er ein fellesgrad i samarbeid mellom NTNU, Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda.

Kvalifikasjonar

Institutt for sosialfag søkjer etter medarbeidar med kompetanse og forskingsbakgrunn frå sosial- og samfunnsvitskap. Det er nødvendig med ein fagleg profil som er retta mot samanhengar mellom samfunnsmessige og kulturelle endringar, vilkår for profesjonsutøving og brukarerfaringar. Kompetansen bør handle om temaområde som t.d. barnevern, psykisk helsearbeid, rusrelatert arbeid, Nav eller habilitering.

Det vert lagt vekt på at søkjaren har erfaring frå leiing av forskingsprosjekt og / eller forskingsgrupper.

Søkjar må ha relevant utdanning av høgare grad og fagleg kompetanse i samsvar med generelle krav til professorstilling etter forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Søkjar må dokumentere pedagogisk basiskompetanse i tråd med Forskrift om ansettelse og opprykk og HVO sin mal.

Relevant yrkeserfaring er ein fordel.

Søkjar må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Arbeidsstaden er ved Høgskulen i Volda, i Volda.

Personlege eigenskapar, som gode samarbeidsevner og evne til å vere sjølvstendig vert vektlagde. Det vil bli gjennomført intervju, prøveundervising og referansesjekk av aktuelle kandidatar

Arbeidsfelt

Den som blir tilsett, vil få særleg ansvar i masterprogrammet i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering og i ph.d.-programmet i helse- og sosialfag: profesjonsutøving – vilkår og utvikling. Ved sida av undervising og eige FoU-arbeid, skal vedkomande – i lag med dei andre som har toppstillingar ved instituttet- ha eit særleg ansvar for å stimulere og samordne forsking og anna fagleg utviklingsarbeid.

Vi tilbyr

Vi tilbyr varierte arbeidsoppgåver i eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.

Høgskulen i Volda har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt.

Elles er det gode pensjonsordningar ved høgskulen, og stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda:

Professor, stillingskode 1013, frå kr. 682 000 – kr. 938 900.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar i arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala ved høgskulen er universelt utforma, og vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på Arbeidsgiverportalen.

https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge, der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.

Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

– vitnemål og attestar

– CV

-Vitskaplege arbeid, inntil 15 arbeid kan leggast ved.

Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane blir vurdert av eit sakkunnig utval, jf. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval. Sakkunnig utval vurderer den dokumentasjonen som ligg føre i Jobbnorge.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillingan får ein ved å kontakte dekan Randi Bergem, tlf.: 70 07 5211 randi.bergem@hivolda.no og instituttleiar Knut Hunnes tlf.: 70 075179 knut.hunnes@hivolda.no

Om avdelinga

Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1300 studentar, fordelte på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI).

https://youtu.be/61Me2JOrMgQ

Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette.

Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 

Søknadsfrist 20. mai 2021

 

Arbeidsgivar Høgskulen i Volda
Kommune Volda
Omfang Heiltid
Varigheit Fast

 

Del stillingen

Selskap

Høgskulen i Volda

Lenke til firma

https://www.hivolda.no/

Kategorier

Kontaktinfo

  • Se kontaktinformasjon i utlysing.
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Volda

Søknadsfrist

Mai 20, 2021