Vil du leie eit spennande friluftsliv og folkehelseprosjekt ?
Arbeidsgiver Fjordane Friluftsråd
Stillingstittel Prosjektleder
Frist 01.04.2023
Ansettelsesform Prosjekt
Fjordane Friluftsråd har ei nyoppretta stilling som prosjektleiar for StikkUt ledig frå 01.06.23
Arbeidsoppgåver:
- Leie arbeidet med å opprette fullskala StikkUt elektronisk turregistrering i alle våre medlemskommunar.
- Gjere avtale om databasetilknytning til prosjektet.
- Legge ut informasjon om prosjektet på web m.m. og drifte sida.
- Planlegge løype/stinett, turmål i ulike kategorier og vanskeleggrader for å nå flest mogleg brukarar.
- Avklare og avtale traseval, løypenett som skal inn i digitale kart, parkering etc.med grunneigarar
- Halde tett dialog og samarbeid med medlemskommunane, fylkeskommune, statsforvalter og nabofriluftsråd
- Skilte og merke stiar i tråd med StikkUt konseptet og i dialog med kommunar og grunneigarar.
Vi ynskjer ein medarbeider som er/har:
- Kjennskap til offentlig plan- og prosjektarbeid
- Kompetanse innan friluftsliv
- Gode digitale ferdigheiter, gjerne innanfor kart og forvaltningsløysingar.
- Gode samarbeidsevner
- Initiativrik, arbeider sjølvstendig og løysingsorientert
- Kjennskap til fleire av våre kommuner
- Førerkort og disponerer eigen bil. (Kan vere høve for tilgang på firmabil.)
- Er i god form og liker å arbeide i felt.
- Bachelorgrad eller anna relevant utdanning innan fagområde
FELLES – Vi kan tilby:
- Ei spanande, utviklande og sjølvstendig stilling
- 100 % stilling i ei bedrift som tek FNs bærekraftmål på alvor
- Høve for fast stilling etter ein prosjektperiode på inntil 1 år.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Kontorstad etter avtale
- Løn etter avtale
Søknadsfrist 01.04.2023
Hardbakke 31, 6924 Hardbakke
Fjordkysten Friluftsråd
Spørsmål om stillingen
Bjarte EngevikStillingstittel, Dagleg leiar
Mobil917 72 723
Arlene Oddbjørg Vågene, Styreleiar
Mobil402 39 260
Om arbeidsgiveren
Fjordane Friluftsråd er ein interkommunal organisasjon starta opp i 2017. Solund, Bremanger, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn er medlemskommunar i friluftsrådet. Hovedkontoret ligg på Solund Brygge Hardbakke i Solund, men vi har også kontorstad på Horne Brygge i Florø.
Vi arbeider med planlegging, gjennomføring, organisering, og førebyggande arbeid opp imot marin forsøpling. Skjergardsteneste og eigne ryddelag bidreg sterkt med å rydde kyst og fjordstrøk for marint avfall. Vi arbeider med offentlege og private aktørar, slik at vi kan legge til rette for god folkehelse med lågterskel friluftsliv.