Prosjektleiar investeringsprosjekter – Prosjekt og utvikling (søknadsfrist 10.10)
Ullensvang kommune Prosjekt og utvikling
Prosjektleiar
Vil du vera med å utvikle Ullensvang Kommune?
Me treng dyktig, løysingsfokusert og positiv prosjektleiar på laget vårt i Prosjekt og Utvikling – tenesteområde under sektoren Teknikk og Miljø. Ein spennande jobb i eit godt fagmiljø, på ein arbeidsplass det er lett å trivast.
100% FAST STILLING SOM PROSJEKTLEIAR.
Du vert del av laget på tenesteområdet Prosjekt og Utvikling, eit sterkt lag som har ansvar for investeringsprosjekta i Ullensvang kommune. Det er stor aktivitet på både store og små investeringsprosjekt i åra som kjem innan nybygg, renovering av kommunale bygg, veg og park-anlegg, ras- og flaumsikring og ikkje minst VA/vatn- og avlaupsanlegg.
Hovudarbeidsoppgåva vil vere å ha ansvar for, og gjennomføre investeringsprosjekt.
Me ser etter deg som:
har erfaring og god kompetanse innan prosjektleiing
er løysingsfokusert og ser etter moglegheiter
er engasjert, fleksibel og likar utfordringar
er strukturert og resultatorientert
er målretta og har evne til å jobbe sjølvstendig
er framoverlent og likar god framdrift
har gode samarbeidsevner og likar lagarbeid
viser stoltheit for arbeidsplassen og er ein god omdøme-byggjar
trivast med å jobbe tverrfagleg
er glad i deling av kunnskap og involvering
har positiv haldning og godt humør
er ein god bidragsytar til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar:
Høgare utdanning innan ingeniørfag eller annan teknisk kompetanse.
Erfaring frå prosjektleiing innan byggfag, VA eller vegprosjekt. I denne utlysinga legg me spesielt vekt på VA-kompetanse.
Erfaring frå kommunal sektor er fordel men ikkje eit krav.
Kunnskap og erfaring innan klima, energi og miljø er ynskjeleg.
Struktur og budsjett-disiplin i prosjektgjennomføring.
Gode datakunnskapar og evne til å setje deg inn i og bruke ulike program og system.
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Vårt skriftspråk er nynorsk.
Førarkort klasse B, og du må disponere eigen bil i teneste.
Me tilbyr:
Unik moglegheit å vere med å utvikle nye Ullensvang kommune.
Variert stilling med mange oppgåver og stort ansvar.
Utvikling av eigen kompetanse.
Eit sterkt lag og godt fagmiljø.
Eit godt og positivt arbeidsmiljø.
Arbeidsplass i Odda eller Kinsarvik.
Løn etter avtale.
Fleksibel arbeidstid og fleksibilitet i bruk av heimekontor.
Gode offentlege tariffesta pensjons- og forsikringsordningar.
Stillinga er ledig frå 01.11.2021 eller etter avtale.
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 10.10.2021
Arbeidsstad: Ullensvang kommune
Kontaktpersonar:
Marit Ystanes
mob: +47 926 82 815
Heimeside:
ullensvang.kommune.no
Ullensvang kommune Prosjekt og utvikling
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?