Barne – og familietenestene, Sykkylven kommune

Psykolog/ psykologspesialist 100 % fast stilling

 

Er du psykolog eller psykologspesialist og brenner for barn og unges psykisk helse? Da er det deg vi er på jakt etter!

Vi har ledig 100% fast stilling som psykolog/ psykologspesialist i barne- og familietenestene. Stillinga kan også vere aktuell for psykologer i spesialisering.

Psykologtilbodet skal vere ein del av kommunen si lavterskelteneste, psykisk helseteam for barn og unge. Som psykolog vil du aktiv bidra til etablering, implementering og vidareutvikling av tilbodet. Målgruppa for tenestetilbodet er barn og unge (0-18 år)og deira familiar. Målet er at psykisk helseteam for barn og unge skal jobbe med utgangspunkt i eit ressurs- og familieperspektiv, alltid i tett samarbeid med andre tenester for barn og unge og før utfordringane vert for store.

Stillinga som psykolog vil være todelt og omfatte klinisk arbeid og individuell oppfølging, samt systemarbeid, rettleiing og fagstøtte til personale og tenester rundt barn og familier. Vi er opptatt av kollegarettleiing og gjensidig støtte i det daglege arbeidet, der du som psykolog med din kompetanse vil spele ei særs viktig rolle. Vi vil også legge til rette for eit samarbeid mellom deg og psykolog ved Psykisk helse og Rus. Einingsleiar for barne- og familietenestene vil vere din næraste overordna.

Psykisk helseteam for barn og unge vil vere organisert og lokalisert under barne- og familietenestene i lag med med helsestasjonstenesta, barneverntenesta, flyktningtenesta, PPT og familieteam. Desse tenestene har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats og verksame førebyggande tiltak.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:29.02.2024
Arbeidsgivar:Sykkylven kommune
Stad:SYKKYLVEN
Stillingstittel:Psykolog 100 % fast stilling
Stillingar:1
Heiltid / Deltid:Heiltid
Tilsetjingsform:Fast
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID:4766144136
Sosial deling :Del på Twitter Del på LinkedIn Del på LinkedIn Del på e-post
Arbeidsoppgåver
System- og kvalitetsarbeid i kommunen i samarbeid med andre aktuelle instanser
Klinisk arbeid med kartlegging og individuell oppfølging ved behov
Vidareutvikling av tenestetilbodet i eininga i samarbeid med einingsleiar
Rettleiing og fagstøtte til personell og tenester som arbeider mot målgruppa
Deltaking i ressursteam på den vidaregåande skulen i kommunen
Førebyggande arbeid med fokus på livsmestring
Tverrfagleg samarbeid med andre deler av hjelpeapparatet, barnehagar og skular
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjent psykolog med norsk autorisasjon
Ønskjeleg med klinisk erfaring frå psykososialt arbeid med barn og unge og deira familier
Forståing for tidleg intervensjon, førebyggande og helsefremmande arbeid
Ønskjeleg med erfaring frå rettleiing og systemarbeid
Gode norskunnskapar, både skriftleg og munnleg
Den som vert tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil i tenesta
Personlege eigenskapar
Evne til å skape tillit og bygge trygge relasjoner
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Evne til å motivere, inspirere og rettleie
Evne til å formidle kunnskap
Evne til å jobbe strukturert og målretta
Evne til å sjå ressurser og løysinger
Vi tilbyr
Ei interessant og spennande stilling med stor innflytelse og varierte oppgåver
Eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg samarbeid
Fleksibel arbeidstid og varierte arbeidsdager
Fagleg og personleg utvikling gjennom deltaking i nettverkssamlingar for kommunepsykologar
Moglegheit for tilrettelegging for relevant spesialisering/vedlikehald av spesialisering etter avtale
Gode løns- og arbeidsvilkår etter avtale
Obligatorisk tenestepensjonsordning
Gunstige låneordningar og gode forsikringsordningar
Gratis parkering
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden

Adresse:Haugneset 20, 6230 SYKKYLVEN, Norge
Kart
Opne vegbeskriving (i ny fane)
Kontaktinformasjon
Carolin Urke
Carolin Urke
Einingsleiar for Barne- og familietenestene
Telefon:94002772
E-post:[email protected]
Linda Hovland
Linda Hovland
Kommunalsjef oppvekst
Telefon:95240044
E-post:[email protected]

Om arbeidsgivaren
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her

 

Del stillingen

Selskap

Sykkylven kommune

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Sykkylven

Søknadsfrist

Februar 29, 2024