Psykolog (søknadsfrist 24.05)
Kommunepsykolog
Formålet med stillinga er å ivareta dei lovkrav som vart gjeldande frå januar 2020 om at alle kommuner skal ha psykologteneste. Fjord kommune har ingen psykologer i dag, men har to tilsette i 200% stilling som psykiatrisk helsearbeidar. Dei arbeidar henholdsvis i Valldal og Stordal og saman med legekontora og tenestekontoret. psykologen skal bidra i satsinga for å styrke kvalitet og kompetanse i det tverrfaglege arbeid innan psykisk helse og rus, vold- og traumefeltet.
På legekontoret i Valldal har vi i dag tre leger + 1 LIS1, to helsesekretærer, 1 helsesjukepleiar og 1 psykiatrisk helsearbeidar. På legekontoret i Stordal har vi 1 lege + 1 LIS1, to helsesekretærer (den eine er leiar for legekontora), 1 helsesjukepleiar og 1 psykisk helsearbeidar. Tenestekontoret som også er knytt til legekontora har i tillegg til leiar 1 ergoterapeut og 1 fysioterapeut (+ avtale med 4 private fysioterapeuter).
Fjord kommune er ein nynorskkommune og aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
Klinisk arbeid
Tenesteutvikling internt i tverrfaglege prosjekt
Vere med på å utvikle kommunen sitt førebyggande og helsefremjande arbeid saman med våre engasjerte tilsette
Deltaking i vurdering av søknadar om kommunale tenester
Tverrfagleg utvikling av, og deltaking i kommunens kriseteam
Interkommunalt (klinisk) arbeid ved inngåtte samarbeidsavtalar
Kvalitetsarbeid
Vegleiing av tilsette
Kvalifikasjonar
Godkjent profesjonsutdanning i psykologi
Gjerne med relevant spesialisering med norsk autorisasjon
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Politiattest
Personlege eigenskapar
Personleg eignaheit vert vektlagt. Den tilsette må kunne vise sjølvstende, evne til lagarbeid, fleksibilitet og gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
Det blir tilbydd og lagt til rette for spesialisering ved tilsetting av psykolog.
Det vert lagt til rette for vedlikehold av spesialitet, og anna kompetanseutvikling i dialog med leiar.
Det vert lagt til rette for vegleiing, og deltaking i psykologfaglege nettverk i Ålesund kommune/RKBU.
Tverrfagleg samarbeid i kommunen og vegleiing lokalt
Stå-på-vilje og laginnsats
Utforming av stilling i dialog med kommunens leiing
Løn etter avtale
Pensjonsordning i KLP
God barnehagedekning
Hjelp til å skaffe bustad
Søknadsfrist: 24.05.2020
Arbeidsgivar: Fjord kommune
Stad: VALLDAL
Stillingstittel: Kommunespsykolog (psykolog/psykologspesialist)
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4231691120
Stillingar: 1
Arbeidsstad Posboks 144, 6210 VALLDAL
Kontaktinformasjon
Henrik Steenfeldt-Foss, Kommuneoverlege
930 98 108
Kjetil Heggem, Kommunalsjef Helse- og Omsorg
418 67 939
kjetil.heggem@fjord.kommune.no
Fjord kommune er tidlegare Norddal og Stordal kommune som slo seg saman 01.01.2020. Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.