Rekneskapssjef (søknadsfrist 20.04)
Rekneskapssjef – Økonomiavdeling, Helse Førde
Helse Førde har frå 01.08.2020 ledig stilling som rekneskapssjef.
Rekneskapsseksjonen er ein del av økonomiavdelinga i Helse Førde som samla har 15 tilsette. Rekneskapssjef vil få ansvaret for drift og vidareutvikling av rekneskapsområdet i føretaket, og vere føretaket sin ressursperson innan rekneskap og aktivt delta i rekneskapsføring. Rekneskapssjefen vil rapportere til økonomidirektør.
Vi tilbyr ei interessant og utfordrande stilling. Stillinga gir store mogleheiter for fagleg utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for rekneskapsavdelinga, herunder leiaransvar og ansvar for samarabeid med Helse Vest og revisor.
- Fagleg ansvar innan rekneskap og avgift
- Ansvar for månadleg rapportering og årsrekneskap
Vedlikehalde og vidareutvikling av rutinar og prosessar innan rekneskapsområdet som sikrar effektive rutinar og kvalitet. - Øvrige rekneskapsmessige oppgåver, herunder delta aktivt i rekneskapsføring
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan rekneskap/revisjon
- Minimun 3-5 års erfaring frå leiande stilling innan revisjon/rekneskap
- Positivt om du har god kunnskap i rekneskapsprogram. Visma, SAP eller liknande
- Ønskeleg med god kunnskap i bruk av Excel
- Erfaring frå komplekse organisasjonar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du er ansvarsfull med godt humør og vilje til å stå på
- Du er strukturert og ryddig
Vi tilbyr
- Lønn etter nærare avtale basert på kvalifikasjonar og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Søknadsfrist: 20.04.2020
Arbeidsgivar: Helse Førde
Stad: Førde
Tittel: Rekneskapssjef
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4217631169
Stillingar: 1
Startdato: 01.08.2020
Arbeidsstad Naustdalsvegen 5, 6800 Førde
Kontaktinformasjon
Øystein Helleseth, Økonomidirektør
(+47) 952 61 353
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.