Rektor ved Hillestveit skule

 

Oppvekst, kultur og idrett (OKI), Bømlo kommune

 

Om stillinga

Hillestveit skule har ledig stilling som rektor frå 01.08.2023. Hillestveit skule er ein kombinert 1-10 skule med skulefritidsordning i Langevåg på sørspissen av Bømlo med om lag 140 elevar og 26 tilsette. Skulen har ressursar til 4-delt barnetrinn neste skuleår (1. og 2. klasse i lag, 3. og 4. klasse i lag, 5. klasse for seg, 6. og 7. klasse i lag), mens ungdomstrinnet pr. i dag er fulldelt.

Langevåg har over tid drive eit godt og aktivt utviklingsarbeid for å auka attraktiviteten i lokalsamfunnet. Bømlo fiskerihamn er i ferd med å bli realisert, molo til 165 millionar er under bygging og det er stor optimisme knytt til realisering av nye arbeidsplassar og vekst.

 

Nøkkelinformasjon

  • Søknadsfrist: 19.03.2023
  • Arbeidsgivar: Bømlo kommune
  • Stad: Langevåg
  • Stillingstittel: Rektor – 2. gangs utlysing
  • Stillingar: 1
  • Heiltid /Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4628459748

Arbeidsoppgåver

  • Leiing av lærings- og utviklingsarbeid.
  • Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling.
  • Samarbeid med elevar, foreldre og nærmiljø.
  • Tverrfagleg samarbeid om barn og unge sitt oppvekstmiljø.
  • Forvaltning og kvalitetsutvikling.
  • Økonomistyring og resultatkontroll.

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk kompetanse.
    Krava i opplæringslova § 9-1 om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må vere oppfylt.
  • I tillegg ynskjer me at du har:
  • relevant leiarerfaring.
  • formell skuleleiarutdanning.

Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som

  • har god relasjonskompetanse.
  • er løysnings- og utviklingsorientert.
  • kan motivere og inspirere elevar og tilsette.
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • er tydeleg og synleg i møte med elevar, tilsette og føresette.
    Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

 

Vi tilbyr

  • Spennande leiarutfordringar i ein utviklingsorientert kommune.
  • Introduksjonsprogram for nytilsette.
  • Leiarstøtte og nettverk, kommunalt og regionalt.
  • Løn etter avtale, og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Anna informasjon

I henhald til opplæringslova § 10-9 må gyldig politiattest framleggjast før tilsetjing.
Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden. Me oppmodar søkjarar om å nytte Vitnemålsportalen.
Dersom den som vert tilsett ikkje har leiarutdanning, må dette gjennomførast i løpet av to år. Arbeidsgjevar legg til rette for studiet.

 

Adresse: Hillestveit skule, Hovlandsvegen 11, 5443 Langevåg, Norge

Søk her

 

Kontaktinformasjon

Bjørn Håvard Bjørklund
Kommunalsjef oppvekst, kultur og idrett
Telefon:975 00 432

 

Om arbeidsgivaren
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Del stillingen

Selskap

Bømlo kommune

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Bømlo
  • Langevåg

Søknadsfrist

Mars 19, 2023