Rektor Rektor Dalane skule (Søknadsfrist: 10.11)

Rektor
Dalane skule

Er du interessert i ei spennande og utfordrande leiarstilling?
Ved Dalane skule er det frå 1.1.2022 ledig stilling som rektor. Dalane skule har 58 elevar fordelt på 1-.7.trinn. Skulen er ein av i alt åtte kommunale skular i Ørsta kommune, og er organisatorisk plassert i seksjon skule.

Søknadsfrist:10.11.2021
Arbeidsgivar:Ørsta kommune
Stad:Ørsta
Stillingstittel:Rektor Dalane skule
Stillingar:1
Heiltid / Deltid:Heiltid
Tilsetjingsform:Fast
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID:4442148203
Sosial deling :
Ørstaskulen sine overordna mål er:

Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.
Rektorane deltek i nettverksarbeid på skuleleiarnivå gjennom Sjustjerna og gjennom skuleleiarmøta i kommunen. Ørstaskulen satsar også sterkt på digital kompetanse som grunnleggande ferdigheit med Chromebooks og Google Workspace for Education som hovudverkty.

Arbeidsoppgåver

Leiing og utvikling av det pedagogiske arbeidet
Rapportering og strategisk utvikling
Planlegging og koordinering av dagleg drift
Sørgje for eit aktivt og godt samarbeid med elevane sine føresette og andre aktørar i lokalsamfunnet
Tverrfagleg samhandling med interne og eksterne tenester
Personalansvar med oppfølging av tilsette og tilrettelegging i samsvar med kommunens HMT-planar
Ørsta kommune vil i tida som kjem arbeide aktivt med å skape ein heiltidskultur i organisasjonen. Som leiar vil du verte ein viktig medspelar i dette arbeidet. Du vil også ta del i kommunen og Sjustjerna sine leiarutviklingsprosessar, og få innføring og opplæring i medarbeidarundersøkinga 10-faktor. Meistringsorientert leiing og kompetansemobilisering er også stikkord som er knytt til dei forventingane som vil verte stilt til deg som leiar. Kommunen nyttar leiaravtale og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet.

Kvalifikasjonar
pedagogisk utdanning og praksis frå skuleverket – fortrinnsvis grunnskule
formell utdanning og erfaring innan leiing og administrasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter ein rektor som:

har pedagogisk utdanning og praksis frå grunnskulen
har formell utdanning og erfaring innan administrasjon og leiing
har gode leiar- og samarbeidsevner
er engasjert og har evne til å inspirere andre
er systematisk og har føresetnader for god ressurs- og økonomistyring
har svært god digital kompetanse og evne og vilje til å setje seg inn i kommunen sine system
har evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode evner til omstilling og til å leie pedagogisk utviklingsarbeid
kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, også gruppeintervju kan vere aktuelt. Referansar vert nytta.

Vi tilbyr
Vi kan tilby utviklingsorienterte, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i Ørstaskulen. Gjennom skuleleiarmøte ønskjer kommunen å følgje opp leiarane sine og legge til rette for fellesskap, læring og støtte til skuleleiaroppgåva.

Gode pensjonsordningar i SPK for skuleleiarar og gode forsikringsordningar i KLP for alle tilsette i Ørsta kommune.

Stillinga er plassert i HTV kap. 3.4.2 Stillingskode 9951 – rektor
Løn etter avtale.

Arbeidsvilkår: jf. HTA §6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Einingsleiar må vere budd på at arbeidsoppgåvene kan endre seg som følgje av organisatoriske endringar.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.

Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25 kan søkjaren sjølv be om at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, men må grunngje dette i søknaden. Søkjaren sine behov vil verte vurderte konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

 

 

Dalane Skule, 6156 Ørsta, Norge
Map
Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon

Bjørn Ødegaard Osdal
Konstituert seksjonsleiar skule
411 28 342
[email protected]

Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 5. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Del stillingen

Selskap

Ørsta kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Bjørn Ole Vassbotn
  • Tittel: Einingsleiar byggesak og oppmåling
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: 469 01 330

Lokasjon

  • Ørsta

Søknadsfrist

November 10, 2021