12 vinter  2

 

Rektor/styrar Veitastrond oppvekstsenter

 

Stillingsinformasjon

Det vert ledig fast 100% stilling som rektor/styrar ved Veitastrond oppvekstsenter frå 1. august 2021.
Rektor/styrar er leiar for både skulen og barnehagen. Komande barnehage- og skuleår vil stillinga i utgangspunktet vera fordelt på 50 % administrasjon og 50 % undervisning. Næraste samarbeidspartnar er assisterande styrar/rektor med 20 % administrasjon.

Veitastrond oppvekstsenter vil frå hausten vera ein todelt skule med 13 skuleelevar fordelt på 1.-7. trinn og 18 barnehageplassar. Neste barnehage- og skuleår vil det vera om lag 3 årsverk i barnehagen og om lag 2 årsverk i skulen utanom samla administrasjonsressurs. Barnetalet er veksande på Veitastrond, og elevtalet i skulen vil auka kvart år dei næraste åra.

Som rektor/styrar vert du del av eit leiarkollegium i oppvekstsektoren som møtest jamleg og som har eit godt samarbeid. Lustrabarnehagen og Lustraskulen er utviklingsorienterte og arbeider målmedvite for å betra opplæringa for barn og elevar i Luster kommune.

Kvalifikasjonar
Me søkjer etter ein leiar som:

– er motivert for å leia eit nyetablert oppvekstsenter
– står fram som ein tydeleg, systematisk og engasjert leiar
– delegerer oppgåver og brukar medarbeidarane sin gode kompetanse
– gjennomfører utviklingsarbeid i nært samspel med medarbeidarane, elevar og føresette
– samarbeider med alle aktørar innanfor skulen/barnehagen og nærmiljøet
– samhandlar godt med andre rektorar/styrarar og den administrative leiinga i kommunen
– leiar oppvekstsenteret i samsvar med lovar, avtaleverk og læreplanar

Særskild for stillinga
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på:

– relevant pedagogisk utdanning og praksis
– gode leiareigenskapar med evne til målretta og løysingsorientert arbeid
– eit reflektert pedagogisk grunnsyn
– samarbeidsevne

Den tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato, jf opplæringslova §10-9.
Aktuelle søkjar vil bli invitert til intervju.

Me tilbyr

– utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
– vidareutdanning, rektorskulen, dersom søkjar ikkje har denne frå før
– løn etter avtale
– elles vanlege kommunale tilsetjingsvilkår med pensjons- og forsikringsordningar

Søknad

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsa på vår heimeside: www.luster.kommune.no – ledige stillingar. For spørsmål om stillinga kan du henvende deg til kontaktperson. Dersom du har behov for hjelp til å søkje kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort.
Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette.
Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

 

Søknadsfrist 21.03.21

 

Vår ref879
Merk søknad

Fakta

Selskap Luster kommune
Stilling Rektor
Stillingstype Fast tilsett
Lokasjon Veitastrond skule

 

Kontakter

Knut Åge Teigen, Kommunalsjef oppvekst
[email protected]
Mobil  951 47 914  Arbeid  57 68 55 22

 

 

Del stillingen

Selskap

Luster kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Knut Åge Teigen
  • Tittel: Kommunalsjef oppvekst
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Mobil 951 47 914 Arbeid 57 68 55 22

Lokasjon

  • Luster

Søknadsfrist

Mars 21, 2021