Header Ulstein sommar

 

Rektor – Ulsteinvik barneskule

Om stillinga

Ulstein kommune har ledig ei fast 100% stilling som rektor ved Ulsteinvik barneskule. Rektor er skulen sin pedagogiske og administrative leiar. I tillegg til rektor har skulen ein assisterande rektor og to avdelingsleiarar i leiarteamet. Ulsteinvik barneskule har omlag 460 elevar og 70 tilsette. Her kan du lese meir om skulane i Ulstein.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 20.06.2023

Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten

Stad: Ulsteinvik

Stillingstittel: Rektor – Ulsteinvik barneskule

Stillingar: 1

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tilsetjingsform: Fast

Stillingsprosent: 100

Webcruiter-ID: 4672914073

Startdato: 01.08.2023

Arbeidsoppgåver

Utvikle skulen som lærande organisasjon
Skape eit godt læringsmiljø/arbeidsmiljø i samarbeid med tilsette og elevar
Sikre godt samarbeid mellom heim og skule
Leie og motivere pedagogisk utviklingsarbeid
Utøve god personal- og økonomileiing
Samarbeide godt med interne og eksterne aktørar
Internkontroll og HMS-ansvar

Kvalifikasjonar

Utdanning frå universitet/høgskule, med krav om fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse
Ønskjeleg med leiarerfaring/leiarutdanning
Erfaring frå skuleverket
God digital kompetanse

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein leiar som:

Er utviklingsorientert, kreativ, tydeleg og samlande
Har gode kommunikasjonsevner og relasjonskompetanse
Kan engasjere og involvere personale, foreldre og rådsorgan i utviklingsarbeidet
Er oppteken av kvalitet og tverrfagleg innsats til beste for eleven
Er samlande og trygg , og som ivaretek prinsippet om medverknad
Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på.

Du må kunne identifisere seg med Ulstein kommune sine kjerneverdiar:

Nyskaping – Omsorg – Rausheit – Mangfald

Vi tilbyr

Gode høve for fagleg utvikling og nettverksbygging. Leiarstøtte frå fagstab og interne tenester.

Tilsetting i samsvar med gjeldande avtaleverk. Løn etter avtale. Stillinga er underlagt reglement for kommunal fleksitid.

Det er krav om framvist politiattest ved tiltrede i tråd med opplæringslova.

 

Søk på stillingen her.

 

Adresse:Bakkegata 31, 6065 Ulsteinvik, Norge

Kontaktinformasjon

Gry Osnes Nordal, Kommunalsjef oppvekst og kultur
Telefon:  906 40 134

 

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

 

Del stillingen

Selskap

Ulstein kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Leif Per Ringstad
  • Tittel: Kultursjef
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 473 01 332

Lokasjon

  • Ulsteinvik

Søknadsfrist

Februar 20, 2023