Rektor ved Kaland barne- og ungdomsskule (søknadsfrist 10.03)

 

                               

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) er i ferd med å løfte seg etter ein periode med økonomiske utfordringar. Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn! Vi søkjer….

 

Rektor ved Kaland barne- og ungdomsskule

 

Ved Kaland barne- og ungdomsskule er stillinga som rektor ledig frå og med 01.08.20. Det kan vere mogleg å tiltre stillinga tidlegare.

Opplysninger avdeling

Kaland barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med 135 elevar skuleåret 2019/2020. Det er 25 tilsette ved skulen, av dei er 20 pedagogisk personale. Administrasjonsressursen på 120% er delt på rektor og inspektør (70/50). Skulen har kontormedarbeidar i 60% stilling. Rektor har kommunalsjef som næraste overordna. To rektorar utgjer kommunen si rektorgruppe. Rektor vil også ha eit samarbeid med styrar i Kaland barnehage.

Skulen har symjebasseng, og eit skulebibliotek som er samlokalisert med folkebiblioteket sin filial.

Austrheim kommune er ein Realfagkommune. Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har eit sjølvstendig ansvar for fag, personale og økonomi ved Kaland barne- og ungdomsskule og SFO. Skulen har ei aktiv foreldregruppe som er ein viktig samarbeidspartnar i skulekvardagen.

Stillinga som rektor er ei kombinert leiarstilling/undervisningsstilling.

Skulen satsar på å ha eit godt opplæringsmiljø for alle elevane våre. Det betyr tilpassa opplæring, fokus på trygt skulemiljø og høg fagleg kompetanse med vekt på god vurdering.

Utanom Fagfornyinga har skulen desse satsingsområda:

– skulen har vore ein PALS-skule i 10 år
– systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdighetane
– realfag og digital kompetanse
– vidare arbeid med god vurderingspraksis

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for administrativ og fagleg drift av skulen
  • Ansvar for å leie medarbeidarane si læring og utvikling
  • Sørgje for høg kvalitet på kjerneverksemda til skulen, både faglege resultat og skulemiljø
  • Leggje til rette for, og ta iniativ til eit godt skule-heim samarbeid
  • Samarbeide tverrfagleg med interne og eksterne teneste
  • Arbeide for eit godt arbeids- og skulemiljø
  • Sørgje for forsvarleg drift i medhald til lov og føresegner, sentrale og lokale føringar
  • Noko undervisning er tillagt stillinga

Krav til kompetanse

  • Rektor må ha pedagogisk utdanning og kompetanse
  • Rektor må vera resultat- og utviklingsorientert
  • Relevant leiarerfaring og leiarutdanning vert vektlagt
  • Undervisningskompetanse for grunnskulen

Personlege eigenskaper

  • Vi ønskjer ein rektor med fylgjande kvalifikasjonar:
  • Vere god på å byggje tillitsrelasjonar til elevar, foreldre og tilsette
  • Har tydeleg og inkluderande leiarstil
  • God relasjonskompetanse
  • Ha gode samarbeidsevner og vere løysningsorientert
  • Ha høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Er samlande, inspirerande og arbeidar målretta med skuleutvikling

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med kommunalsjef Bjørnar Fjellhaug på tlf. 414 33 375.

Den som blir tisett, må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3 månadar.

Vi kan tilby

  • Ein variert og interessant jobb
  • Stor moglegheit for påverknad, utvikling og involvering
  • Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk
  • God pensjonsordning, SPK

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000

 

Søknadsfrist 10.03.20

 

Vår ref63
Merk søknad

Fakta

Selskap Austrheim kommune HRM
Stilling Rektor/leder
Stillingstype Fast dagtid
Lokasjon Kaland barne-og ungdomsskule

 

Kontakter

Bjørnar Fjellhaug, Kommunalsjef
[email protected]
Mobil  414 33 375  Arbeid+47 56 16 21 15

 

Del stillingen

Selskap

Austrheim kommune

Lenke til firma

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Austrheim

Søknadsfrist

Mars 10, 2020