Masfjorden kommune Oppvekst

Masfjorden kommune Oppvekst

Rektor Matre skule

 

Stillinga som rektor ved Matre skule er ledig frå 01.03.2023

Matre skule er ein 1-10 skule med 50 elevar skuleåret 2022/2023. Det er 17 tilsette ved skulen, av dei er 5 fagarbeidarar og assistentar. Leiarressursen er pr i dag på 108 % er delt på rektor og inspektør men kan bli justert. Skulen har merkantil tilsett i 50 % stilling. Skulen har og ein lærekandidat. Rektor har oppvekstleiar som næraste overordna. Dei tre rektorane i Masfjorden utgjer kommunen si rektorgruppe. Rektor vil og ha eit tverrfagleg samarbeid med andre tenester i tillegg til samarbeid med barnehagestyrar i Indre Masfjorden barnehage.

Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har ansvar for fag og utviklingsarbeid samt personale og økonomi ved Matre skule og SFO. Skulen er i eit samarbeid med Høgskulen vestlandet DeKomp, der utgangspunktet for satsinga var analysekompetanse.

Lokala på Matre skule vert utanom skuletida nytta av kulturskule, idrettsskule, fotballag, all-idrett, og 4-H. Symjebassenget for Masfjorden vert nytta av elevar og barn i barnehage i skuletida og av lag og organisasjonar etter skuletid. Det ligg eit koordineringsansvar for bassenget på rektor ved Matre skule

Me søkjer etter ein rektor med:

– gode samarbeidsevner og som ynskjer å gjera ein forskjell

– kunnskap om skuleutvikling og evne til nytenking og som kan vera ein pådrivar i dette arbeidet

– som kan nytta digitale verktøy

– har fokus på trygt og godt læringsmiljø

– arbeider for eit godt arbeidsmiljø for tilsette, der personalet sine sterke sider vert nytta

– brei undervisningspraksis og røynsle/interesse for leiing av ein skule

– dei nødvendige formelle kvalifikasjonar

Me tilbyr

– leiarutvikling og nettverk

– erfarne medarbeidarar

– godt samarbeid mellom heim og skule

– eit godt læringsmiljø

– ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling

Løns- og arbeidsvilkår etter avtaleverket og nærare avtale.

 

Kontaktperson:

Oppvekstleiar Rita Ludvigsen tlf. 45376315

 

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader

Send søknad elektronisk via søknadsskjema.

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 11.12.2022

 

Tiltreding: 01.03.2023

Arbeidsstad: Matre skule

 

Kontaktpersonar:

Oppvekstleiar Rita Ludvigsen

tlf: +47 56 16 62 41  mob: +47 453 76 315

 

Heimeside:
www.masfjorden.kommune.no
Adresse: Austfjordvegen 2724 5981 Masfjordnes

Masfjorden kommune Oppvekst

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, men øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.

 

Del stillingen

Selskap

Masfjorden kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Rita Ludvigsen
  • Tittel: Oppvekstleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 56166241 mob: +47 45376315

Lokasjon

  • Matre

Søknadsfrist

Desember 11, 2022