Vår ruskonsulent gjennom mange år, skal nå over i anna arbeid, vil du bli med oss på laget?
Ruskonsulent
Me søker:
Ruskonsulent i 80% stilling
Fast fom. 01.12.23 i Avdeling Psykisk helse og rus
Hovudarbeidsoppgåver:
Behandling, individuelle samtalar, gje støtte, råd og rettleiing til vaksne med rus/psykiske utfordringar og deira pårørande
Koordinering/oppfølging, deltaking i ansvarsgruppe, IP
Miljøarbeid og rettleiing i kvardagen
Medisinoppfølging, delta i administrasjon og utdeling av medisinar
Rettleiing og undervisning til anna personale,
Samarbeid med andre tenester kommunale og interkommunalt mm.
Kvalifikasjonar:
Helsefagarbeidar med vidareutdanning i rus
Sjukepleiar/Vernepleiar med vidareutdanning i rus
Sosionom med vidareutdanning i rus
Erfaring frå rusarbeid vert vektlagt
Personlege eigenskapar:
Engasjert og løysingsorientert
Har gode kommunikasjonsevner og relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med brukarar, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
Har ein robust, trygg og open personlegheit, og har god arbeidskapasitet
Utholdande og tolmodig
Har god evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar
Har evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre og er reflektert
Grunnleggende datakunnskaper og forståelse er nødvendig
Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Me kan tilby:
Variert arbeid i eit positivt miljø
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
God opplæring og samarbeid med andre
Rabatt på treningssenter
Bedriftskunstlag
Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Referansenummer: 23/3007
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Deltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 23.10.2023
Tiltreding: 01.12.2023
Arbeidsstad: Psykisk helse og rus
Kontaktpersonar:
Karen Synnøve Skjold – Avd. leiar psykisk helse og rus
mob: +47 97969426
Tina Kvaløy – Einingsleiar Rus og psykiatri
mob: +47 95059091
Heimeside:
www.vindafjord.kommune.no
Adresse: Rådhusplassen 1 5580 Ølen
Vindafjord kommune
Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med ca. 8.850 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.