Saksbehandlar / ingeniør Tekniske tenester drift og anlegg (søknadsfrist 24.09)
Tekniske tenester
Saksbehandlar/ingeniør
Stillingstype
Vestnes kommune har ledig 2 x 100 % fast stilling som saksbehandlar/ingeniør ved Tekniske tenester. Tiltreding etter avtale.
Arbeidsstad
Tekniske tenester har ansvar for arealplanlegging, plan- og byggesaksbehandling, landbruks-/miljø-/vilt- og skogsaker, drift, forvaltning og nyanlegg av kommunale vegar, grøntområder og avløpsanlegg/avløpsrensing, utbygging av bustadfelt og næringsområder, oppmåling, GIS adressering, brann, feiing og tilsyn.
Arbeidsoppgåver
Tekniske tenester har primært behov for å auke kapasiteten innafor arealplanlegging, landbruk/skogbruk og VA-området, men det vil også vere aktuelt innafor andre fagområder. Arbeidet omfattar både forvaltnings – og driftsoppgåver, kundekontakt og saksbehandling. Søkarar må rekne med å jobbe i nært samarbeid med andre innafor Tekniske tenester og Sentraladministrasjonen.
Kvalifikasjonar
Utdanning frå høgskule/universitet innanfor relevant fagområde
Det er ønskeleg med erfaring i bruk av GIS- programvare.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Sertifikat, klasse B
Personlege eigenskapar
Engasjert i dei aktuelle fagområda
Gode samarbeidsevner
Vere strukturert og nøyaktig
Kunne jobbe sjølvstendig og ha god kapasitet
Kunne ha god dialog med innbyggarar og andre
Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på
Vi tilbyr
Stillingar med eit viktig samfunnsoppdrag
Spennande faglege utfordringar
Fleksitidsordning
Triveleg og godt arbeidsmiljø
Lønn etter avtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betrakning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må difor takast med til intervju.
Søkarlista kan bli offentleggjort.
Referansenr: 21/2279
Fylke: Møre og Romsdal
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 24.09.2021
Arbeidsstad: Brugata 10, 6390 Vestnes
Kontaktpersonar:
Emil Balstad
mob: +47 481 25 480
Heimeside:
www.vestnes.kommune.no
Vestnes kommune
Tekniske tenester har ansvar for drift, forvaltning og nyanlegg av kommunale vegar, grøntområder og
avløpsanlegg/avløpsrensing, utbygging av bustadfelt og næringsområder, oppmålinga GIS og
adressering, plan – og byggesaksbehandling, landbruks-/miljø-/vilt- og skogsaker, brann feiing og tilsyn, kyrkjegardsgraving m.m. Hovudansvaret for forvaltning av eigedomsskattesystemet ligg også til eininga – i samarbeid med sentraladministrasjonen. Eininga har 9 fagarbeidarar i uteseksjonen i tillegg til deltidsmannskapa i brannvernet, og 9 saksbehandlarar på dei ulike fagområda. Eininga har stor etterspørsel etter tenester og brukar delvis ekstern hjelp til å dekke deler av desse.