Sakshandsamar i barnevernstenesta (søknadsfrist 03.10)
Me søker ein open og audmjuk
Sakshandsamar i barnevernstenesta
Vil du bli den nye kollegaen vår? Barneverntenesta i Samnanger ser etter deg som er raus og audmjuk, og som er motivert for å hjelpe og støtte barn og familiar i vanskelege livssituasjonar. Du kan bidra med å gi ein trygg og forsvarleg oppvekst, bygga opp eit omgjengeleg, dynamisk og fleksibelt ambulerande team, og stå i front i arbeidet med å bygga opp eit nytt barnevern i Samnanger kommune. Hovudoppgåva i denne stillinga er oppfølging av fosterbarn.
Med Barnevernsreforma får kommunane eit auka fagleg ansvar, mellom anna gjennom eit heilskapleg ansvar for oppfølging og rettleiing av fosterheim. Vi har derfor ledig 100 % fast stilling som fosterheimskonsulent i barneverntenesta, som er ei av tre stillingar i avdelinga.
Samnanger barnevern er ein arbeidsplass som utøver barnevernfagleg arbeid etter verdiane openheit, etterrettelegheit, audmjukskap, rausheit og omsorg i arbeidet for barn, unge og familiane deira. Barnevernstenesta i Samnanger er organisert saman med PPT og NAV.
Målet er aktivt å fremje tverrfagleg samarbeid og levere godt førebyggande barne- og ungdomsarbeid. Barnevernstenesta vektlegg eit nært samarbeid med andre tenester i kommunen til det beste for barn, unge og familiane deira. Vi er særleg opptekne av at barn og familiar blir involverte og har innverknad på tenester som er samordna og prega av kontinuitet.
Vi ønsker medarbeidarar som er framoverlente og som ynskjer å bidra til ei teneste som kan tilby rett hjelp til rett tid.
Arbeidsoppgåver
Sakshandsaming etter barnevernlova
Ansvar for oppfølging og rettleiing av fosterheim
Oppfølging av barn som er plasserte
Samtalar med barn, foreldre, fosterforeldre og institusjonar
Gjennomføring av tverrfagleg samarbeidsmøte, referat og rapportskriving
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Den som blir tilsett vil òg måtta møta som kommunen sin partsrepresentant i fylkesnemnda og det øvrige rettssystemet.
Noko reiseverksemd og arbeid på ettermiddag og kveldstid må påreknast.
Kvalifikasjonar
Krav:
3-årig sosialfagleg utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, eller annan relevant 3-årig sosialfagleg utdanning
God erfaring og kjennskap til sakshandsaming i kommunal barnevernsteneste og fosterheimsarbeid
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Førarkort klasse B
Gyldig politiattest blir kravd ved tilsetting, i tråd med føresegn til barnevernlova § 6-10
Ønsker:
Erfaring med rettleiing av fosterforeldre
Kompetanse og erfaring innan ulike foreldrerettleiingsprogram; PYC, PMTO, Marte Meo, COS I, traumesensitiv omsorg, etc.
I tillegg må kandidaten ha følgjande personlege eigenskapar:
– Raus, audmjuk og omgjengeleg i møte med barn og familiane deira, kollegaer og samarbeidspartnarar
– Gode kommunikasjonsevner som skaper tryggleik og tillit hjå brukarane
– Evne til å arbeide planmessig og strukturert
– Evne til å jobbe sjølvstendig
Me tilbyr
Eit utviklingsorientert, positivt og endringsretta arbeidsmiljø
Fagutvikling og kompetansepåfyll på fleire ulike område
Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Fleksible arbeidstidsordningar
Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 03.10.2021
Arbeidsstad: Tysse
Kontaktpersonar:
Carolina Mercadal
mob: +47 982 86 727
Heimeside:
/www.samnanger.kommune.no/innhald/helse-sosial-og-omsorg/barnevernteneste/
Adresse:
Tyssevegen 217 5650 TYSSE
Samnanger kommune Barnevern
Samnanger kommune ligg mellom Bergen og Hardanger og er ei naturperle som inviterer deg til inspirasjon både på fjorden og i fjellet. Med våre 2 503 innbyggjarar har me èin barneskule, èin ungdomsskule, to kommunale barnehagar og èin privat. Samnanger har òg ny sjukeheim, nytt senter for funksjonshemma og nytt bibliotek. Kommunehuset i Samnanger ligg mellom 20 og 50 minuttar frå sentrum i kommunane Bergen, Bjørnafjorden, Vaksdal, Osterøy, Kvam og Alver.