Senioringeniør / seniorrådgjevar GIS (søknadsfrist 19.04)
Senioringeniør / seniorrådgjevar GIS
Det faglege, koordinerande ansvaret for GIS og geodata i Kystverket er lagt til geodatatjenesten ved Senter for transportplanlegging, plan og utredning (TPU), Kystverket Sørøst, Arendal. Geodatatjenesten er m.a. ansvarleg for utvikling og drift av Kystverket sin felles geodatainfrastruktur (kartservere, databaser, klientløysingar osb). Geodatatjenesten tilbyr geodatafaglege tenester, støtte og opplæring til heile Kystverket. Kystverket sine dataforvaltnings- og tenesteløysingar er bygd på eit breitt spekter av teknologiar.
Det er ledig stilling som senioringeniør/seniorrådgiver ved geodatatjenesten, og vi søkjer etter ein medarbeidar med lang erfaring innan IT infrastruktur, datalagring og database drift. Du vil inngå i eit lite team som driftar og utvikler tenester og løysingar både internt og for publikum. Dataanalyse og bearbeiding av større datamengder (m.a. historiske AIS-data) vil være viktige arbeidsoppgaver.
Noko reising må påreknast
Arbeidsstad er enten Arendal eller Ålesund
Arbeidsoppgåver
– Databaseadministrasjon, tilrettelegging av data for spørjing, nedlasting, m.a.
– Drifting og utvikling av tenester og løysingar for interne og eksterne brukarar
– Geografisk analyse og kartproduksjon til presentasjonar, rapportar, utgreiingar etc.
– Opplæring og støtte innan fagfeltet internt i Kystverket
– Anna relevant arbeid innanfor fagområdet
Kvalifikasjonar
– Relevant utdanning på masternivå
– Lang erfaring med PostgreSQL og SQL, (DBA), kjennskap til andre databasesystem samt CitusDB er ønskelig
– Kunnskap innan analyse av større datamengder (vi mottar i dag ~30 mill AIS meldinger i døgnet) samt analyser av stedfesta data
– God kunnskap innen Python eller liknande
– Ønskelig med Linux kompetanse, samt erfaring med Javascript, Node.js og gjerne React
– Ønskelig med kjennskap til og erfaring med bruk av open source GIS og gjerne FME
– Brenn for ny teknologi og ønske om å teste nye løysingar og teknologiar
– Norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Engasjert, motivert, innovativ og klar for nye utfordringer
Vi tilbyr
– Eit godt arbeidsmiljø
– Konkurransedyktige vilkår
– Ei utfordrande stilling med utviklingsmoglegheiter
– God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
– Stillinga er plassert i kode 1364 seniorrådgjevar eller 1181 senioringeniør (brutto kr 580 000 – kr 730 000).
– Ferieheimsordning for tilsette på nokre av fyra til Kystverket
– Fleksibel arbeidstid
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss
Det vert gjennomført forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld. Forsøket vert evaluert av Difi.
Om arbeidsgiveren
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.
Spørsmål om stillingen
Thor Vartdal, Avdelingsleder
Telefon 907 32 301
Frode Skjævestad, Senioringeniør
Telefon 900 60 630
Søknadsfrist 19.04.2020
Arbeidsgiver Kystverket
Stillingstittel Senioringeniør / seniorrådgjevar GIS
Ansettelsesform Fast Heiltid
Tittel: Senioringeniør / seniorrådgjevar GIS
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID:4186525797
Stillingar:1