Stord kommune sitt innsatsteam er organisatorisk tilknytta heimebaserte tenester. Teamet vart oppretta i 2016, og består av sjukepleiar og ergoterapeut, begge i 100% stilling. Målsettinga med innsatsteamet er å få til godt og tverrfagleg samarbeid ved utskriving frå sjukehus eller kommunal helseinstitusjon. Vi ynskjer å få til gode prosessar saman med pasient og pårørande. Innsatsteamet skal medverke ved tilrettelegging av heimane, samt følgje opp brukar etter heimkomst med tanke på at brukar skal bli mest mogeleg sjølvhjulpen. Teamet skal og medverke med råd og rettleiing for å utsetje behov for institusjonsplass. Innsatsteamet har kontor på Stord kommunale rehabiliteringssenter, og har eit tett samarbeid med tildelingskontoret, Stord sjukehus, ergo- og fysioterapitenesta i kommunen, heimerehabilitering, institusjonar og avdelingane i heimetenestene. Stillinga har til vanleg dagarbeidstid. Under ferieavvikling og ved andre spesielle tilhøve, kan det verte aktuelt med noko arbeid på kveld eller helg.

 

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Kartlegging av ressursar og behov for bistand til ferdigbehandla pasientar i sjukehus og kommunale institusjonar i tett samarbeid med ergoterapeut i teamet
  • Fokus på « Kva er viktig for deg?» i møte med pasient og pårørande
  • Samarbeid med fastlege og heimebaserte tenester – førebu heimesituasjon, herunder hjelpemiddelbehov og tenesteutforming
  • Vurdering av trong for hjelpemiddel, råd og rettleiing rundt bruk av velferdsteknologi og målretta trening for å oppretthalde funksjonsnivå
  • Oppfølging av brukarar i høve til ADL funksjonar i egen heim ein periode etter utskriving frå sjukehus/kommunal helseinstitusjon, med målsetting om å avslutte eller redusere tenester
  • Samarbeid med tildelingskontor og heimetenester for å vurdere tenestebehov for andre brukarar med funksjonsfall, eller ved flytting til anna bustad

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Ønskelig med erfaring frå norsk kommunehelseteneste
  • Løysingsorientert og fleksibilitet
  • Likar å jobbe i team og har god samarbeidsevne
  • Førarkort kl B
  • Evne til å prioritere og fullføre oppgåvene dine

Pensjon i KLP

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: einingsleiar Britt Sørensen Dalsgård tlf 975 52 102

Søknadsfrist: 26.07.2020