Sjukepleiarar 2 x 100% og 1 x 80% (søknadsfrist 02.10)

Sunnfjord kommune Førde omsorgssenter - korttid

Korttidseininga på Førde omsorgssenter treng ny fagkompetanse og søker

Sjukepleiarar i 3 faste stillingar

 

Førde Omsorgssenter, Kortidseininga:

Vårt omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Tre einingar held til her. Korttid, langtid og skjerma. Vi ønskjer å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt og bebuaren skal vere i fokus. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga.

Førde Omsorgssenter treng ny fagkompetanse og søkjer din sjukepleiekunnskap!

Har du lyst å blir vår nye medarbeidar? Kom til Sunnfjord!

Vi på Korttidseininga har for tida fleire spennande stillingar som sjukepleiarar ledig.
Vi treng 3 ny sjukepleiarar i fast stilling. 2 i 100% stilling og 1 i 80% stilling.
Stillingane er organisert i turnus med arbeid dag/ kveld/natt/ helg.

Arbeidsoppgåver:

utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos bebuar
samarbeide med bebuarar, pårørande, sjukeheimslege og spesialisthelsetenesta
veileder og undervisningsansvar til kollegaer/studentar
bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan helse og pleie og omsorg
ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc
turnus med arbeid kvar 3.helg.
Her er mange faglege utfordringar å engasjere seg i!
Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg og velferdsteknologi. Vi er opptekne av fagleg kvalitet i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning.

Kvalifikasjonskrav:

norsk autorisasjon som sjukepleiar
gode norskkunnskapar, skriftelet og munnleg
gode IKT- kunnskapar
godkjent politiattest av ny dato må leverast før tiltreding i stilling
Vi søker deg som ønsker å jobbe på ei spennande og lærerik eining, ilag med ein gjeng veldig kjekke kollegaer. Vi er ei eining med 15 pasientar. Dei fleste av våre pasientar kjem frå sjukhuset, då dei treng noko meir oppfølging før dei skal heim. Arbeidsdagen er variert, utfordrande og motiverande. Vi anbefaler både erfarne og nyutdanna sjukepleiarar til å søke. Du vil garantert lære mykje av å jobbe her.

Vi søker deg som:

har motivasjon for å jobbe på ei Korttidseining og evne til å tileigne deg ny kunnskap
er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig
fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
er fleksibel og likar utfordringar
bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Kva tilbyr vi?

Vi tilbyr:

tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
ein meiningsfylt kvardag med arbeidsoppgåver innan viktige samfunnsområde
spanande og meidningsfylte arbeidsoppgåver med stor variasjonsbredde
kjekke og engasjerte kollegaer i eit godt arbeismiljø
kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
gode pensjonsordningar gjennom KLP

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk!

Referansenr: 21/8732

Fylke:mVestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Skift/turnus

 

Søknadsfrist: 02.10.2021

 

Tiltreding: 11.10.2021

Arbeidsstad: Korttidseininga

 

Kontaktpersonar:

Gunn Beathe Bruland

mob: +47 479 70 742

 

Heimeside:
www.sunnfjord.kommune.no

Sunnfjord kommune Førde omsorgssenter – korttid

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

 

 

Del stillingen

Selskap

Sunnfjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Vassenden

Søknadsfrist

Oktober 2, 2021