Lærarstillingar ved Vang barne- og ungdomsskule

 

 

Vang er ei utviklingsorientert skulekommune, der elevens læring og utvikling står i sentrum. Vi har spesielt fokus på god undervisningspraksis og inkludering. Skulen har integrert SMART-oppvekst i sin skulekvardag. Vi søkjer etter fagleg sterke og engasjerte lærarar som brenn for elevane si læring og trivsel!

 

For skuleåret 2023/24 har vi følgjande ledige lærarstillingar:

Lærarstilling, 100% vikariat, på ungdomssteget med oppstart så snart som råd
Lærarstilling, 70 % vikariat, på ungdomssteget med oppstart så snart som råd
Lærarstilling, 80% vikariat, på mellomsteget med oppstart 1. november 2023

Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. – 10.klasse og SFO. Skulen er fulldelt og har omlag 190 elevar. Skulen har eit introduksjonstilbod for nyankomne elevar frå Vang mottakssenter.

Vil du bli del av eit godt og profesjonelt læringsmiljø som har fokus på læring, utvikling og trivsel, kan dette vere skulen for deg.
Vi ser etter deg som brenn for inkludering og som ser læringspotensial i alle barn. Det er viktig at du møter elevane med omsorg, tryggleik og tydelege forventingar.
Det kan bli aktuelt med prøveundervisning som del av vurderingsgrunnlaget i rekrutteringsprosessen.

 

  • Søknadsfrist: 30.07.2023
  • Arbeidsgivar: Vang Kommune
  • Stad: Vang i Valdres
  • Stillingstittel: Lærarstillingar ved Vang barne- og ungdomsskule
  • Stillingar: 3
  • Heiltid/Deltid: Heiltid, Deltid
  • Tilsetjingsform: Vikar
  • Stillingsprosent: 100, 70, 80
  • Webcruiter-ID: 4681395922

 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og lede elevens læring, individuelt og i team
  • Delta og medverke i skulens profesjonsfellesskap
  • Delta og omsette skulens utviklingsarbeid i praksis
  • Medvirke til eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt skule-heim-samarbeid.

 

Kvalifikasjonar

  • Opplæringslovas krav om fagleg og pedagogisk kompetanse må vere oppfyld for å få stilling som lærar
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

 

Personlege eigenskapar

  • God evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid
  • Fleksibel, positiv og løysingsorientert
  • Tek i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane. Syte for samanheng i fagleg og sosial læring.
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Er i stand til å skape positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaar

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

 

Vi tilbyr

  • Eit profesjonelt læringsfellesskap kor samarbeid står i sentrum
  • Tilhøyrsle i eit inspirerande, positivt og utviklande team
  • Faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gyldig politiattest skal leverast før oppstart
  • Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor.

 

Tyinvegen 5035, 2975 Vang i Valdres, Norge

 

 

Søk her

 

Kontaktinformasjon

Agata Gniewek Bøe
Inspektør VBU
 Telefon:93253290
E-post:[email protected]

Ola Erik Heen Moe
Rektor VBU
 Telefon:91161741
E-post:[email protected]

 

«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.

 

Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Del stillingen

Selskap

Vang kommune i Valdres

Kategorier

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Vang I Valdres

Søknadsfrist

Juli 30, 2023