Skogbrukssjef i Skog i Sogn

 

100 % fast stilling

Skogbrukssjef
Vil du vera med å utvikle skogbruket i Sogn?

Skog i Sogn ser etter ny skogbrukssjef og det kan vera du som skal ha denne stillinga. Vi søker deg fordi du ønskjer å organisere og motivere skogbruket i Sogn inn i framtida.

Skog i Sogn er eit felles fagmiljø for den kommunale skogforvaltinga i dei sju kommunane til Sogn regionråd. Samarbeidet har tre stillingar (2,6 årsverk) som har som oppgåve å forvalte, utvikle og utnytte skogressursane i Sogn, som omfattar 841 000 daa produktivt skogareal. Du vil i tillegg samarbeide med AT-skog, Skogselskapet og andre.

Sogn har lange skogtradisjonar og er kjent for god furukvalitet. No er grana på full fart inn, og mange «nye» skogeigarar treng råd, planlegging m.m. Difor treng vi deg som har ein tydeleg visjon og sterkt engasjement for skogbruket.

Sogndal kommune er vertskap for eininga.

Arbeidsoppgåver:

· Fylgje opp vegprosjekt i hovudplan for skogsvegar, skogsdrift og skogkultur.

· Tilrettelegging for kompetanseheving innan skogbruk og bruk av tre.

· Bidra til fellesprosjekt i verdikjeda for skogbruket.

· Sakshandsaming etter skoglova med forskrifter, tilskotsordningar og kontroll av desse.

· Vere ein tydeleg rådgjevar med fokus på kvalitet og effektiv teneste.

Kvalifikasjonar:

· Vi ønskjer at du har ei høgare skogbruksfagleg utdanning. Relevant praksis og erfaring er positivt.

· God kjennskap til skogbruk, landbruk, utmarksforvaltning og relevant regelverk er ønskjeleg.

· Erfaring frå offentleg forvaltning vil vere ein fordel.

· Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar:

· Strukturert og sjølvstendig.

· Dyktig relasjonsbygger og kommuniserer godt både skriftleg og munnleg.

· God evne til å sette seg inn i oppgåvene og vilje til gjennomføring.

· Stort engasjement, open og samarbeidsretta.

· God rolle og oppgåveforståing.

Vi tilbyr:

· 100 % fast stilling som skogbrukssjef.

· Varierte og interessante oppgåver med stor kontaktflate.

· Ei sentral rolle i skogbruket i regionen.

· Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar.

· Gode velferdsordningar.

· Løn og vilkår etter avtale.

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggja arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kun søknader sendt via EasyCruit vert tekne i betraktning.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 16.05.2021

 

Tiltreding: Etter avtale

 

Kontaktpersonar:

Joakim Systaddal

mob: 45873833

 

Adresse: Skrivarvegen 3 6863 Leikanger

 

Sogndal kommune Samfunn og næring

Velkommen til fagre Sogn! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er vi vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1150 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

 

Del stillingen

Selskap

Sogndal kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Joakim Systaddal
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon 458 73 833

Lokasjon

  • Sogndal

Søknadsfrist

Mai 16, 2021