10648976_385825608242557_6701348902785636375_o

 

Vikariat; naturbruk og akvakultur

 

FUS – Avd. Elevtenesta, HO og NA, Vestland fylkeskommune

Om stillinga

Fusa Vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering kunst, design og arkitektur og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan TAF/YSK og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei relevant opplæring.
Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no og skulen sin film:

Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.

Vi ser etter deg som har utdanning og erfaring innan faget og som kan tenkje deg å bidra med din kunnskap inn til skulen vår.

Frå snarast og ut skuleåret 23/24, med mogleg forlenging.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 17.12.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Eikelandsosen
Stillingstittel: Vikariat innan naturbruk og akvakultur
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Webcruiter-ID: 4656914906

Arbeidsoppgåver

Undervise i programfag innan naturbruk og akvakultur, VG 1 og VG 2, TAF og oppfølging av elevar i praksis.

Kvalifikasjonar

Fagbrev, utdanning eller erfaring innan naturbruk og akvakultur
Ynskje om undervisningskompetanse
Ynskje om god digital ferdighet

Personlege eigenskapar

Du er løysingsorientert og har evne til omstilling
Du har ei god pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn
Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og andre
Du er ein trygg og tydeleg vaksen, med evne til å skapa gode relasjonar til elevane

Vi tilbyr

Nært samarbeid med kollegaer
God delingskultur
Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordninga

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:Leiro 43, 5640 Eikelandsosen, Norge

Kontaktinformasjon

Lene Tveit, avdelingsleiar
Telefon:  93853301
E-post:  [email protected]

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Lene Tveit
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Telefon: 938 53 301

Lokasjon

  • Eikelandsosen

Søknadsfrist

Januar 21, 2024