Undervisningsstilling Naturbruk Landbruk 100 % fast stilling
Stend vidaregåande skule har om lag 540 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Allmennfagleg påbygging og Klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 180 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet.
- Søknadsfrist: 05.05.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stad: Fana
- Stillingstittel: Undervisningsstilling Naturbruk Landbruk 100 % fast stilling
- Stillingar: 1
- Heiltid / Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4651465424
Arbeidsoppgåver
- Vi har ledig 100 % fast stilling som lærar på vg1 naturbruk og vg2 landbruk og gartnernæring.
- Undervisninga vil vere knytt til fjøs, husdyr (ku/sau/fjørfe), verktøylære, maskiner, jord og plantefag.
- Utifra kompetanse kan det også vere aktuelt med undervisning i hestefag.
Kvalifikasjonar
- Relevant fagleg kompetanse i dei faga ein skal undervise i
- Pedagogisk utdanning
- Næringslivserfaring er ønskelig
- Relevant universitets- eller høgskuleutdanning er ein føremon
- Kvalifiserte søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkår
Personlege eigenskapar
- Ynskjer å bidra aktivt i profesjonsfellesskapet
- Er god på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere
- Har eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste
- Arbeider sjølvstendig
- Er kreativ og løysingsorientert, med evne til å løyse praktisk oppgåver
Vi tilbyr
- Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Stend er ein arbeidsplass med med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Adresse:Fanavegen 249, 5244 Fana, Norge
Kontaktinformasjon
Janne Seilen
avdelingsleiar
Telefon:92094232
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.