Studiekoordinator ved Avdeling for samfunnsfag og historie (søknadsfrist 06.05)

 

Volda

 

Studiekoordinator ved Avdeling for samfunnsfag og historie

 

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie er det frå 1. august 2020 til 31. mars 2021 ledig vikariat i 100 % stilling som studiekoordinator. Stillinga er plassert i avdelingsadministrasjonen med kontorsjef som næraste overordna. Den som vert tilsett vil også samarbeide nært med fagleg tilsette og studieadministrasjonen ved høgskulen.

Høgskulen i Volda

Kvalifikasjonar

Stillinga stiller store krav til systematisk arbeid og til kommunikasjons- og samarbeidsevner. Det er nødvendig å arbeide nært saman med avdelings- og fellesadministrasjonen ved Høgskulen, instituttleiar og fagpersonalet ved institutt og avdeling. Ein føreset særleg nær dialog og samarbeid med instituttleiar.

Det krevst kunnskap og røynsle i bruk av allmenne administrative dataprogram, og god allmenn digital kompetanse.

Høgare utdanning, normalt på masternivå, og røynsle frå relevant administrativt arbeid vert kravd. Kjennskap til høgskulesystemet og dei utdanningsområda som stillinga er sett til å koordinere, vil bli lagt vekt på.

Personlege eigenskapar vert lagt vekt på, som t.d. samarbeidsevner, i kva grad søkjaren kan arbeide strukturert og sjølvstendig og med skriftleg saksframstilling.

Høgskulen nyttar mange ulike dataprogram og koordineringssystem, og den som blir tilsett må ha evne til å setje seg inn i og bruke desse.

Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett vil få arbeidsoppgåver primært knytt til grunnutdanningane ved Historisk Institutt. Med grunnutdanningane er det i hovudsak meint bachelorutdanninga, årsstudiet og nettemna i historie.

Arbeidsområdet vil hovudsakleg vere planleggings- og koordineringsoppgåver knytt til utdanningane ved Historisk Institutt. I dette arbeidet vil det å kommunisere godt med personale og studentar vere viktig. Vedkomande vil også få ansvar for oppgåver knytt til den samla administrasjonen ved avdelinga, og spesielt knytt til økonomiforvaltninga.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere (ikkje uttømande eller prioritert):

• Kontaktpunkt for søkjarar og studentar.
• Aktivitetsplanlegging og tilrettelegging av semesterplanar.
• Kontakt med eksterne førelesarar og timelærarar.
• Kommunikasjon med studentar og tilsette.
• Studierettleiing.
• Arbeidsoppgåver i samband med eksamen.
• Arbeide med fagplanrevisjonar.
• Ressursplanlegging, fordeling.
• Oppgåver knytt til styring og leiing av instituttet.
• Avdelinga sin systemansvarlege for eitt eller fleire av dei administrative verktøya som vert nytta.
• Arbeidsoppgåver knytte til avdelinga si samla administrative verksemd.

For at vi til ei kvar tid skal vere i stand til å løyse dei administrative oppgåvene i avdelinga på ein best mogleg måte, kan ansvars- og arbeidsoppgåvene i stillinga bli endra/justerte i samsvar med endra behov.

Vi tilbyr

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda: seniorkonsulent 1363 frå kr 488 000 – kr. 523 200

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonsnedsettelse, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Det er lenkje til elektronisk søknad på www.hivolda.no/stilling. Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge og vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Dokument/filer skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
– CV
– vitnemål og attestar (samla i ei fil)

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til høgskulen ved kontorsjef Kjell-Einar Dagfinrud, tlf. 70 07 51 75 eller instituttleiar Ola Teige, tlf. 70 07 54 99.

Om avdelinga/eininga
Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for om lag 1100 studentar, fordelt på 3 institutt; Institutt for sosialfag, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, og Historisk Institutt.

Administrasjonen ved Avdeling for samfunnsfag og historie har for tida 10 faste administrative stillingar, derav ei stilling som kontorsjef og ei som dekan.

Kva er det beste med Volda?

Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 

Søknadsfrist 6. mai 2020

 

Arbeidsgivar Høgskulen i Volda
Kommune Volda
Omfang Heiltid  Varigheit Vikariat/mellombels

Del stillingen

Selskap

Høgskulen i Volda

Lenke til firma

https://www.hivolda.no/

Kontaktinfo

  • Kjell-Einar Dagfinrud
  • Tittel: Kontorsjef
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf. 70 07 51 75
  • Ola Teige
  • Tittel: Instituttleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf. 70 07 54 99.

Lokasjon

  • Volda

Søknadsfrist

Mai 6, 2020