Styrar Syltebøen Barnehage (søknadsfrist 15.03)
Styrar Syltebøen Barnehage
Fjord kommune har ledig stilling som styrar i 100% stilling i Syltebøen barnehage frå 19.05.2020.
Barnehagen har i dag seks pedagogisk leiarar (2 stk. konstituert), fem Barne/ungdomsarbeidarar og to assistentar. Barnehagen er open frå 07:00 – 16:30. Syltebøen barnehage jobbar mot barnas trivsel- voksnes ansvar der det er ein god stad med rom for leik og læring.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
Styrar har budsjett, personal og oppfølging av det pedagogiske arbeidet, i tråd med godt fagleg skjønn.
Veileding og sørgje for at barnehageloven og rammeplan oppfyllast
Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
Skape ein barnehagekvardag med rom for fordjuping i temaarbeid
Ansvar for arbeidet med HMS
Ta imot og gi pedagogisk veileding
Tilretteleggje for samarbeid med føresatte og gjennomføring av samtale og møter.
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning med 3-årig høgskule/universitet eller anna høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg kompetanse.
Relevant arbeidserfaring
God på planlegging og drift
God digital kompetanse
Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg – kommunen har nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar
Tydeleg
Fleksibel
Eve til å delegere ansvar
Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
Tillitsskapende med høg integritet
Vi tilbyr
Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
Løn i samsvar med avtaleverk
Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot
Søknadsfrist: 15.03.2020
Arbeidsgivar: Fjord kommune
Stad: Valldal
Tittel: Styrar Syltebøen Barnehage
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsettingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4193071260
Stillingar: 1
Startdato: 01.06.2020
Arbeidsstad Olavsgata 10, 6210 Valldal
Kontaktinformasjon
Charles Tøsse, Kommunalsjef oppvekst og kultur
416 31 901
Fjord kommune er tidlegare Norddal og Stordal kommune som slo seg saman 01.01.2020. Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.