Tannhelsesekretær
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær, og beherske norsk skriftleg og munnleg. Søkjar med anna relevant helsefagleg bakrunn kan også vurderast. Relevant informasjon for søknaden må vært oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
- Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande , medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Bidreg til å skape et godt arbeidsmiljø på klinikken
- Det vert vektlagt at søkjar er personlig eigna til stillinga
Vi tilbyr
Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på slik liste. Om du har bedt om unntak frå offentleg liste, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.
- Odda, Odda, Norge,
- Vestland tannhelseteneste – område Sør-Aust har ledig 100 stilling som tannhelsesekretær med snarleg tiltreding. Tenestestad er for tida Odda tannklinikk. .
- Søknadsfrist:Snarast
- Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
- Stad:Odda
- Stillingstittel:Tannhelsesekretær
- Stillingar:1
- Heiltid / Deltid:Heiltid
- Tilsetjingsform:Fast
- Stillingsprosent:100
Kontaktinformasjon
Margareth Simonsen Råen
områdeleiar tannhelse
99021332
Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).