Teiknspråklærar (søknadsfrist 07.05)

                     

Vats skule ligg flott til i Nede Vats. Skulen har 108 elevar skuleåret 2020/2021. Me har gode uteområde og store og luftige klasserom. Skulen er godt utstyrt m.o.t. hjelpemateriell og har kollegaer som arbeider godt i lag. Vats skule satsar på lesing, uteskule og vurdering av fagleg og sosial kompetanse og “Vurdering for læring”. Me er opptekne av at alle elevar skal oppleva meistring, og at me skal ha eit ope og godt samarbeid med dei føresette. Elles arbeider me for open dialog og fleksibilitet i heile organisasjonen. Er du mann er du spesielt velkomen til å søkja – og vil få fortrinn under elles like vilkår.

 

Teiknspråklærar

 

Me søkjer:

Teiknspråklærar 100% fast stilling ved Vats skule.
Stillinga er ledig frå 01.08.2020.

Hovudarbeidsoppgåver

Teiknspråklærar i 5.klasse.

Kvalifikasjoner

– Teiknspråklærar med grunnskulelærar utdanning, minst 30stp teiknspråk, 30stp i norsk og 30stp engelsk.
– Andre med teiknspråkutdanning kan søkja.

Andre opplysninger

På Vats skule er det skuleåret 2020/2021 108 elevar fordelt på 1.-7.klasse og 20 tilsette.
Skulen ligg i nedre Vats omgitt av flott natur.

Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Personlege egenskaper

Strukturert, samarbeidsvillig og eit positivt elevsyn.

Me kan tilby

– Egen Mentor til nyutdanna lærerar
– Variert arbeid i positivt miljø
– Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
– God opplæring og samarbeid med andre
– Rabatt på treningssenter
– Bedriftskunstlag
– Tilsetjing på vanlege vilkår
– Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
– Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord www.korevindafjord.no

Lønsvilkår

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Søknad sendes

Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.

 

Søknadsfrist 07.05.20

 

Vår ref694
Merk søknad

Fakta

Selskap Vindafjord kommune
Stilling Adjunkt
Stillingstype fast ansatt
Lokasjon Vats Skule

 

Kontakter

Hilde Pedersen Åsbø, Rektor
[email protected]
Mobil 911 57 860  Arbeid 53 65 57 60

Leiv Karsten Medhaug, Skulerådgjevar
[email protected]
Mobil 905 86 371
Arbeid 53 65 65 37

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kontaktinfo

  • Hilde Pedersen Åsbø
  • Tittel: Rektor
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Mobil 911 57 860 Arbeid 53 65 57 60
  • Leiv Karsten Medhaug
  • Tittel: Skulerådgjevar
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Mobil 905 86 371 Arbeid 53 65 65 37

Lokasjon

  • Ølen

Søknadsfrist

Mai 7, 2020