Tegnspråklærar
2 gangs utlysing
Kinn kommune har ledig ei fast 100% stilling som teiknspråktolk frå 01.08.2023 på Vågsøy ungdomsskole i Måløy.
Måløy er ein av to byar i kommunen og har omlag 3300 innbyggarar. Vågsøy ungdomsskole har omlag 220 elevar skuleåret 2023/2024 og har 3 parallellar. Vi har omlag 40 tilsette med pedagogar, fagarbeidarar, miljøterapeutar og merkantil. Skulen får elevar frå 3 barneskular og når elevane er ferdige med ungdomsskulen, ligg Måløy vidaregåande skule rett over brua.
Vi er omgjevne av flott natur med gode moglegheiter til vandring i fjell, skog og mark, fiske og båtliv + mange andre fritidsaktiviteter for både barn og vaksne.
- Søknadsfrist: 01.08.2023
- Arbeidsgivar: Kinn kommune
- Stad: Måløy
- Stillingstittel: Tegnspråklærar
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4679077858
- Startdato: 01.09.2023
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består hovudsakleg av å tolke undervisning og skulen har stort fokus på samarbeid mellom tolkar og lærarar. Du må også rekne med å tolke arrangement i skulen sin regi både i skuletida og evt. etter skuletid.
- Vi har tett fagleg samarbeid med Statped.
Kvalifikasjonar
- Vi ser etter ein pedagog med god kompetanse innanfor tegnspråk
- Relevant praksis kan erstatte formell kompetanse
Personlege eigenskapar
- Fleksibilitet, sjølvstende og kreativitet
- Evne til å byggje og ivareta gode relasjonar og involvere seg positivt i elevane
- Endrings- og utviklingsorientert med ynskje om å utvikle teiknspråkkompetansen i kommunen
- Gode samarbeidsevner og vilje til samhandling
- zEvne til å inspirere og motiver
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver
- Utfordringar
- God pensjonsordning
- Ryddige arbeidsforhold
- Fagleg oppdatering og påfyll
- Kompetanselønn
Vågsøy ungdomsskole, Gate 5 96, 6700 Måløy, Norge
Kontaktinformasjon
Kåre Bakke
Rektor
Telefon:+47 91384522
E-post:kare.bakke@kinn.kommune.no
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.131 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst – må tilsette pårekne koordinatoransvar.