Energimontør

 

 

  • Stillingstittel: ENERGIMONTØR
  • Frist: 19.03.2023
  • Ansettelsesform: Fast
  • Arbeidsgiver:  Telemark Nett AS

 

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vera montørarbeid i samband med nyanlegg og drift av VTK konsernet sitt kraftnett og fibernett, men linjerydding, transportoppdrag og anna arbeid kan også bli aktuelt. Deltaking i vaktordning kan bli pålagt.

Stillinga vil bli underlagt Telemark Nett AS, avdeling Høydalsmo.

Vi søkjer personar med fagbrev som energimontør og førarkort kl. B, men all kompetanse og erfaring vil bli vurdert. Vi har som mål å få inn fleire yngre montørar, og oppmodar jenter til å søke. Arbeidskvardagen for ein montør i Telemark Nett blir stadig meir digitalisert; – difor er evner og interesse på dette området viktig.

Løn og andre vilkår i samsvar med sentral og lokal avtale. Konsernet har eiga pensjonskasse med vilkår som i andre offentlege ordningar og gode velferdstilbod elles.

 

Spørsmål om stillingane kan rettast til Telemark Nett
AS ved dagleg leiar Gunnar Snarteland på
tlf. 35 07 5 7 38 / 35 07 57 00.
Søknad med CV og kopi av vitnemål/attestar vert å
sende på e-post innan 19. mars 2023.

 

Søk her

 

Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo

 

Om arbeidsgiveren

Vest-Telemark Kraftlag blei stifta i 1940 og er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommune. Selskapet er i dag organisert som eit konsern med morselskap og to dotterselskap, Vest-Telemark Kraftlag AS og Telemark Nett AS. Fyrstnemnde driv med kraftproduksjon, straumsalg og fiber, medan Telemark Nett driv med kraftoverføring (nett). Konsernet har om lag 60 tilsette og ei årleg omsetning på ca. 400 mill. kr. Hovudkontoret er på Høydalsmo i Tokke kommune, men konsernet har og ei avdeling i Treungen i Nissedal kommune.

 

Del stillingen

Selskap

Telemark Nett AS

Lenke til firma

https://www.vtk.no/

Kategorier

Kontaktinfo

  • Gunnar Snarteland
  • Tittel: Dagleg leiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 35 07 57 38

Lokasjon

  • Treungen

Søknadsfrist

Mars 19, 2023