Tomrefjord skule (NB! For språkassistentar sjå nederst i utlysinga)
Undervisningsstilling – inntil 400% fast, 100% årsvikariat og 100% vikariat for hausthalvåret
Stillingstype
Tomrefjord skule har ledig fast inntil 400% fast undervisningsstilling frå 01.08.2023. I tillegg har vi eit årsvikariat og eit halvårsvikariat.
Tomrefjord skule er ein 1 – 10 skule, og stillingane kan gjelde i heile skulen si verksemd, både ungdomsskulen og barneskulen. Det kan vere aktuelt med kontaktlærarfunksjon. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
– undervisning og rettleiing av elevar
– vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
– motivere elevane til innsats for eiga læring
– tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
– samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
– rettleie elevar fagleg og sosialt
Kvalifikasjonar
– det er ønskeleg med utdanning og erfaring innan fleire fag. Spesielt er det ønskeleg med faga matematikk, naturfag, norsk (gjerne med fokus på byrjaropplæring) og norsk for framandspråklege. Det er ønskeleg med kompetanse i spesialpedagogikk for alle stillingane.
– andre fagområde kan også vere aktuelle.
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– ha god kommunikasjonsevne
– digital kompetanse
– bidra til teamutvikling
– engasjert og fagleg dyktig
– det blir stilt krav om politiattest
– det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning.
– personlege eigenskapar vil og bli vektlagt
Personlege eigenskapar
– kan jobbe sjølvstendig og strukturert
– er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
– kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
– har fokus på klasseleiing
– opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
– er løysingsfokusert og utviklingsorientert
– er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
Vi tilbyr
– eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
– ein arbeidsplass med fokus på utvikling
– Tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet.
– ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Fylke Møre og Romsdal
Jobbtype Fast
Heltid/deltid: Heiltid
Arbeidstid Dag
Søknadsfrist 10.03.2023
Tiltreding 01.08.2023
Arbeidsstad Tomrefjord skule
Kontaktperson
mob: 95102115
Heimeside www.vestnes.kommune.no
Vestnes kommune