Vestnes kommune – Helland barneskule
Undervisningsstillingar – 2 x 100 % fast – Helland barneskule
Det er ledig inntil 2 x 100 % faste undervisningsstillingar ved Helland barneskule frå 01.08.2024. Vi søkjer etter lærarar som kan undervise på 1.-7.stega. Vi søkjer etter lærarar som kan ta på seg kontaktlærarfunksjon, men det er ikkje avgjerande.
Om ein søkjer på fleire ledige undervisningsstillingar ved andre skular, så hugs å skrive dine ønskjer i prioritert rekkefølge.
Utover våren kan det bli ledige lærarstillingar ved skulen som følgje av oppseiingar og/eller permisjonar. Desse stillingane vil bli tatt med i tilsettingsprosessen. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
– undervisning og rettleiing av elevar
– vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
– motivere elevane til innsats for eiga læring
– tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
– samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
– rettleie elevar fagleg og sosialt
Kvalifikasjonar
– følgande fag er av særleg interesse: norsk 30 stp., engelsk 30 stp.,matematikk 30 stp., kunst og handverk.
– andre fagområde er også aktuelle
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– ha god kommunikasjonsevne
– digital kompetanse
– bidra til teamutvikling
– engasjert og fagleg dyktig
– det blir stilt krav om politiattest
– det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning
– personlege eigenskapar vil og bli vektlagt
Personlege eigenskapar
– kan jobbe sjølvstendig og strukturert
– er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
– kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
– har fokus på klasseleiing
– opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
– er løysingsfokusert og utviklingsorientert
– er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
Vi tilbyr
– eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
– ein arbeidsplass med fokus på utvikling
– ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Referansenummer: 24/8800
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Stillingstype: Heiltid/Deltid
Søknadsfrist: 18.04.2024
Tiltreding: 01.08.2024
Arbeidsstad: Helland barneskule
Kontaktpersonar:
Gisela Stene Smith-Nilsen
mob: +47 994 41 455
Ingrid Elin Malin
mob: +47 975 20 706
Heimeside:
www.vestnes.kommune.no
Adresse: Skulevegen 2 6390 Vestnes
Vestnes kommune
Helland barneskule har ca. 300 elevar på 1.-7.årssteg. Skulen har skulefritidsordning med ca 90 barn. Helland barneskule ligg sentralt i Vestnes kommune. Skulen ligg i eit flott naturområde nær sjø, skog og fjell. Skulen nyttar seg ofte av den flotte naturen til turar og aktivitetar.