Undervisningsstilling i Helse- og oppvekstfag SOTRA VGS, Avd. Yrkesfag Skogsvåg (Søknadsfrist: 26.10)
SOTRA VGS, Avd. Yrkesfag Skogsvåg
Undervisningsstilling i Helse- og oppvekstfag
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Sotra vgs skal i framtida lokaliserast i eitt nytt bygg på Straume.
Skulen legg vekt på å være nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Vi er stolt av kompetansen vi har i faga og formidlar fagleg kunnskap som inspirerer elevane til å utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Skulen legg vekt på at kvar og ein skal finne seg godt til rette i eit trygt og triveleg skulemiljø. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.
Søknadsfrist: 26.10.2021
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Skogsvåg
Stillingstittel: Undervisningsstilling i Helse- og oppvekstfag
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4439809567
Arbeidsoppgåver
Undervisning innan fagområdet helse- og oppvekstfag i Skogsvåg. Praktisk og teoretisk undervisning på Vg1 helse- og oppvekstfag, Vg2- og Vg3 helsefagarbeidar. Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter. Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing. Halde seg informert om utvikling i bransjen. Halde god kontakt med lærebedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar. Arbeide systematisk for at elevane skal lære, både fagleg og sosialt.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som helsefagarbeidar, utdanning som sjukepleiar eller tilsvarande innan helsesektoren.
Erfaring med oppfølging av lærlingar vil være eit føremon.
2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
Gode IKT kunnskapar.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at dette.
Sertifikat på bil Kl B.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Du har stort engasjement for faget.
Du bidrar til elevanes faglege og sosiale utvikling.
Du er fleksibel og ser moglegheiter.
Du har gode samarbeidsevner.
Du har nye idear, høg motivasjon og handlekraft.
Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
Du har gode ferdigheter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elever og andre samarbeidsparter.
Vi tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheit til eigen læring og utvikling.
Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.
Arbeidssted: Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg, Norge
Kontaktinformasjon
Torstein Telle
rektor
91370396
Christine Taule
avdelingsleiar
99164737
Erik Henneli
ass. rektor
95826077
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.