Undervisningsstilling i Teknologi- og industrifag

 

Kvam vidaregåande skule er ein kombinert skule med fire ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Me er i dag lokaliserte på to studiestadar, Steinsdalen i Norheimsund og Øystese. Det er planlagt samlokalisering i nytt skulebygg i Norheimsund, byggestart hausten 2023. Skulen har omlag 220 elevar og ca. 35 tilsette. Me har som mål at alle elevane skal fullføra skulegangen med eit høgt læringsutbyte. Skulen legg vekt på at kvar og ein skal finna seg til rette i eit godt og triveleg skulemiljø, der elevar og tilsette samarbeider om å skapa ein god læringsarena.
Skuleåret 2023-2024 har skulen ledig vikariat i inntil 100%, med moglegheit for fast tilsetjing.

 

  • Søknadsfrist: 08.05.2023
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Stad: Norheimsund
  • Stillingstittel: Undervisningsstilling i Teknologi- og industrifag
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Vikar
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4653693615
  • Startdato: 01.08.2023
  • Sluttdato: 31.07.2024

 

Arbeidsoppgåver

Undervisning på programområde Teknologi- og industrifag, som i hovudsak er mekaniske fag. Tett oppfølging av klassar og einskilde elevar. Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning. Skape og vidareutvikle eiga undervisning i samarbeid med elevar, kollegaer og skuleleiing. Halde seg informert om utvikling i bransjen. Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med næringsliv om praksisplassar for elevane. Arbeide systematisk for at elevane skal lære fagleg og sosialt, og for at dei skal få læreplass.

Kvalifikasjonar

Fagbrev og arbeidserfaring innanfor eit av fagområda på TIF. Ønskjeleg med kompetanse på eit eller fleire av desse områda: industrimekanikar, CNC operatør, sveisar, 3D-printing.
Teknisk fagskule, ingeniørhøgskule eller godkjent yrkesfaglærarutdanning. Ønskjeleg med undervisningserfaring. Krav om erfaring i bruk av IKT som arbeidsverktøy. Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen leggje til rette for å ta manglande teoretisk utdanning.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Tillitsskapande
  • God relasjonskompetanse
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God evne til læringsleiing

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver i samarbeid med trivelege kollegaer.
  • Gode moglegheiter for personleg utvikling
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • God pensjonsordning

Andre opplysningar

I følgje offentleglova §25.2.ledd, kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom dette vert gjort.
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar

 

 

Dalatunvegen 40, 5600 Norheimsund, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Atle Kjosås
avdelingsleiar
 Telefon:97732512
E-post:atle.kjosas@vlfk.no

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Roald Meidell
  • Tittel: avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 91638193

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

April 23, 2023