Undervisningsstilling innan elektrofag (søknadsfrist 12.09)

 

Undervisningsstilling innan elektrofag

 

Kvinnherad vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune

Kvinnherad vidaregåande skule har omlag 375 elevar og 80 tilsette. Vi tilbyr følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering samt Påbygg, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Teknologi- og industrifag og klassar med redusert elevtal.
Frå 1. desember 2021 har vi ledig inntil 90% stilling som lærar i elektrofag og matematikk

Ved tilsetjing vil det verta lagt vekt på personlege eigenskapar.

Søknadsfrist: 12.09.2021
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Husnes
Stillingstittel: Undervisningsstilling innan elektrofag
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 90
Webcruiter-ID: 4423156081
Startdato: 01.12.2021

Arbeidsoppgåver

Inntil 90% undervisningsstilling innan elektrofag.
Det kan vera aktuelt å undervisa på vg1 og vg2 samt å samarbeida med bedriftar i regionen om utplassering av elevar i yrkesfagleg fordjuping. Stillinga er og knytt til matematikkundervisning på yrkesfag

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. opplæringslova.

Søkjarar utan fagleg pedagogisk kompetanse er velkomne til å søkje, men må eventuelt påbegynne dette innan 3 år for fast tilsetjing.

Vi ønsker søkjarar som har undervisningskompetanse innan elektro, minimum fagbrev og teknisk fagskule eller ingeniørutdanning innan elektrofag.
Primært ønske om dataelektronikk som fagfelt og formell kompetanse i matematikk er ein fordel.

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Personlege eigenskapar

Du har brei kompetanse innan elektrofaget

Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar og lærarar

Du bidreg til å skape gode relasjonar

Du er inkluderande og utviklingsorientert

Du har god pedagogisk forståing

Vi tilbyr

Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
Nært samarbeid med kollegaer
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Opsangervegen, 5460 Husnes, Norge

Kontaktinformasjon

Kjell Erik Taranger, avdelingsleiar
412 05 230

 

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

 

Del stillingen

Selskap

Vestfold fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Kjell Erik Taranger
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post: kjell.erik.taranger@vlfk.no
  • Mobil/Tlf: 53 47 57 14

Lokasjon

  • Husnes

Søknadsfrist

September 12, 2021