Undervisningsstillingar i Samnanger barneskule 2023/2024

 

 

Undervisningsstillingar

Samnanger barneskule (SBS) er ein skule med om lag 210 elevar. Les meir her: www.minskole.no/samnanger

Skulen sitt motto er ein god stad å vera og ein god stad å læra. Me har saman arbeidd fram kjerneverdiar som skal visa att i vår praksis.

  • «Vi-skule», der vennskap og fellesskap er kjerneverdiar
  • Leksebevisst skule, der meistring og motivasjon har fokus
  • Samarbeid med andre. Me har eit felles ansvar for våre elevar
  • Inkluderande skule gjennom anerkjenning, respekt, aksept for ulikskap og lytting til elevane si røyst
  • Livsmeistring ved å anerkjenna kjensler, god kommunikasjon å bry seg

 

Skulen har fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidleg innsats og kjerneverdiane våre. Me ynskje å sjå engasjerte elevar og kollegaer i praksis Me er ein skule i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trives på arbeidsplassen sin.

Det blir ledig heil- og deltidsstillingar. Utlysinga gjeld både fast tilsetting og vikariat. Er du den me ser etter som ynskjer å vera med oss på laget for å utvikla skulen vår vidare med desse verdiane? Skriv ein kortfatta søknad som skildrar kven du er.

 

Arbeidsoppgåver

  • ontaktlærar
  • Spesialundervisning
  • Undervisning i ulike fag

Kvalifikasjonar/Krav

  • Godkjent lærarutdanning
  • Politiattest. jfr. Opplæringslova § 10-9
  • God nynorsk framstilling
  • God digital kompetanse

Personlege egenskaper

  • Du har fokus på eleven sitt beste
  • Du likar å leika, både ute og inne
  • Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega
  • Du er god på å skapa gode relasjonar
  • Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson
  • Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
  • Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
  • Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel
  • Du samarbeider og kommuniserer godt
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt
  • Du veit at du ved å lytta og vera villig til å endre deg sjølv, kan føra til at andre også vert villige til å endra seg

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærarar i tråd med sentral avtale
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Gode velferdsordningar

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i SPK si pensjonsordning. SPK tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Fylke: Vestland
  • Jobbtype: Fast
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 16.04.2023
  • Tiltreding: 01.08.2023
  • Arbeidsstad: Samnanger

 

Kontaktpersonar

Eli Kristin Berge
+47 907 40 850

 

Heimeside: /www.samnanger.kommune.no/innhald/skule-og-utdanning/skulane-vare/

 

Adresse: Nesjavegen 17 5650 Tysse

Samnanger kommune Samnanger barneskulen

Skulen ligg vakkert til og har funksjonelle og miljøvenlege bygg. Me har ca. 210 elevar. Skulen har eit stort og variert uteområde, eit flott skulebibliotek, digitale tavler i alle klasserom og kort veg ut i naturen.

Del stillingen

Selskap

Samnanger kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Eli Kristin Berge
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 907 40 850

Lokasjon

  • Tysse

Søknadsfrist

Mars 12, 2023