– Teknikar / kulturvert, Kultur og ungdom (
Sunnfjord kommune Skule
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Teknikar/ kulturvert
Eininga kultur og ungdom har ledig stilling for teknikar/ kulturvert. Arbeidsstad er i Førdehuset.
Vi har ledig:
- 100 % fast stilling som teknikar/ kulturvert
Stillinga inngår i turnus, med dag, kvelds og helgevakter.
Arbeidsoppgåver:
- drift av Førdehuset, kultur og idrettsbygg
- oppgåver med lyd- og lysteknikk
- tilsyn, vedlikehald, publikumsservice, rigging og andre varierte oppgåver
Krav til søkar:
- fagbrev innan eit teknisk fag er ein fordel
- kompetanse og/ eller erfaring innan felta lydteknikk og/eller lysteknikk. Kjennskap til AV-teknikk og byggdrift er ein fordel.
- god norsk munnleg og skrifteleg framstillingsevne
Du må ha fysikk til å utføre riggeoppgåver.
Du bør:
- like å jobbe med varierte oppgåver
- like å møte publikum og legge til rette for kulturopplevingar og idrettsaktivitetar
Vi tilbyr:
- ein arbeidsplass der folk likar seg og blir lenge
- regulert arbeidstid, løn og tariffavtale.
‘
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Varierande arbeidstid
Sektor: Teknisk
Søknadsfrist: 17.11.2024
Tiltreding: 01.01.2025
Arbeidsstad: Førde
Kontaktpersonar:
Bengt Johan Bengtsson
tlf: +47 57612762
mob: +47 97121400
Heimeside:
Adresse:
Hafstadvegen 42 6800 Førde
Sunnfjord kommune Kultur og ungdom