Vindafjord kommune

 

 

Fagarbeidar/assistent 70% vikariat

 

 

 

 

Me søker:

Me søkjer fagarbeidar/assistent til eit vikariat på 70% i tidsrommet 01.11.23 – 31.03.24. Vikariatet kan bli forlenga.

 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Vera med i klassar og hjelpa elevar som treng ekstra støtte.
  • Oppfølging 1:1 kan vera aktuelt.
  • Jobben er delt mellom skule og SFO.

 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar.
  • Andre med anna relevant utdanning/praksis kan søkje.

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er god på å byggja relasjonar og sjå kvart enkelt barn.
  • Du er engasjert, tydeleg og ansvarsfull.
  • Du er god til å samarbeida med andre.

 

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

 

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

 

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

 

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

 

Søk her

 

 

  • Fylke: Rogaland
  • Jobbtype: Vikariat
  • Heiltid/Deltid: Deltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 01.11.23
  • Tiltreding: Snarast
  • Arbeidsstad: Vågen skule

 

Kontaktpersonar:

Åse Markhus Berge
tlf: +47 40413639

 

Heimeside:

Vågshagen 22 5582 Ølen

 

 

Vindafjord kommune

Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med ca. 8.850 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/a2b46e8d-9ad2-4260-9d05-f2090447add9

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Lenke til firma

Kategorier

Kontaktinfo

  • Hilde Bjelland Abelseth
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: 932 49 811

Lokasjon

  • Ølen

Søknadsfrist

Oktober 20, 2023