Vernepleiar – fire stillingar
Vi har ledig fire 100 prosent faste stillingar for vernepleiar på avdeling. for avlastning barn, yngre menneske med funksjonsnedsetting og menneske med utviklingshemming.
- Søknadsfrist: 20.08.2023
- Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetaten
- Stad: Ulsteinvik
- Stillingstittel: Vernepleiar
- Stillingar: 4
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4688748521
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon vernepleiar. Barnehagelærarar, sosionomar, barnevernspedagogar og sjukepleiarar kan også vurderast
- Erfaring frå tilsvarande arbeid vil telje positivt
- Du må kunne utarbeide tiltaksplanar og arbeide etter desse
- Du har kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Tilfredsstillande politiattest
- Du lærer lett nye arbeidsmetodar og har teknisk innsikt
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er
- fleksibel og villig til å jobbe på tvers av fleire avdelingar
- trygg og fleksibel med tydeleg kommunikasjon
- pliktoppfyllande og har gode verdiar
- sjølvstendig og kan jobbe godt i team
- initiativrik og løysingsorientert
- god til å samarbeide med brukarar, pårørande og kollegaer
- fokusert på ressursar og mogelegheiter framfor avgrensingar og barrierer
- roleg og trygg i utfordrande situasjonar og taklar å arbeide i eit hektisk miljø
- positiv og engasjert i jobben og er med på å skape trivsel på arbeidsplassen
Personleg eigenskapar vert vektlagde.
Vi tilbyr
- regulerte løns- og avtalevilkår
- eit godt tverrfagleg miljø med mange dyktige kollegaer
- svært aktiv bruk av moderne velferdsteknologi
- turnus med dagvakter, kveldsvakter og langvakter og arbeid kvar 3. helg
- komprimert turnus med langvakter kan vurderast
- ein variert og utfordrande jobb med mange spennande arbeidsoppgåver
- gode pensjons- og forsikringsvilkår
Holsekerdalen 22, 6065 Ulsteinvik, Norge
Kontaktinformasjon
Aase Djupvik
Einingsleiar 5
Telefon:48168222
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.